LokalnyttLokalsport

Fotballfest for seniorlaga

Anniken Hjellbakk Hole vart Årets spelar på Stranda/Sunnylven. (Foto frå arkivet)
Anniken Hjellbakk Hole vart Årets spelar på Stranda/Sunnylven. (Foto frå arkivet)

Stranda fotball har halde fotballfest med utdeling av fleire prisar. På samarbeidslaget for damer gjekk to prisar til spelarar frå Sunnylven.

Stranda og Sunnylven stilte felles damelag i fotball i 3. divisjon også i 2016. Under fotballfesten på Stranda Hotell sist fredag kveld vart det delt ut fleire prisar til spelarar på junior –og seniorlaga. To av prisane på damelaget gjekk til spelarar frå Sunnylven.

Anniken Hjellbakk Hole vann prisen som Årets spelar, og Kristi Frøysadal Hauge stakk av med Toppskårarprisen (7 mål) nok ein gong. Prisen for flest treningar på damelaget gjekk til Andrea Lie Kirkhorn.

På Stranda sitt herrelag fekk desse prisar:

Årets spelar: Radovan Dvorsky (keeper)

Toppskårar: Tobias L. Hjelle (12 mål)

Flest treningar: Tobias L. Hjelle og Odd Rune Opsvik

Grip sjansen: Fritjof Lersveen Pedersen

Runde kampar: Geir Ola Hagen (50 kampar)

Junior G 19:

Årets spelar: Fritjof Lersveen Pedersen

Toppskårar: Tobias L. Hjelle

Det er www.strandafotball.no som melder dette.

 

 

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

2 thoughts on “Fotballfest for seniorlaga

Kommentarfeltet er stengt