God oppslutnad om julemesse

Andrea Kjellstad på stand for Stranda Blomster selde julenek og mange fine juledekorasjonar. Her saman med Jakob Folldal og ein annan ung kunde.

Andrea Kjellstad på stand for Stranda Blomster selde julenek og mange fine juledekorasjonar. Her saman med Jakob Folldal og ein annan ung kunde.

Det vart suksess for Sunnylven Bygdekvinnelag og julemessa på Sunnylven samfunnshus. Mange reiste heim med både heimebaks, julegåver av ulike slag og mat til småfuglane.

Veret var langt frå bra då Sunnylven Bygdekvinnelag arrangerte julemesse på Hellesylt sist laurdag. Men regn, sludd og vind hindra ikkje at frammøtet var svært så bra. Også fleire med slektsband til Sunnylven tok turen heim for å både oppleve og handle frå eit variert utval produkt.

Leiar i Bygdekvinnelaget, Anne Grete Hjelmeland Hole tykte det gjekk greitt. Sjølv hadde ho jobben sin på kjøkkenet heile laurdagen.

– Eg trur alle som hadde stand var nøgde med salet. Kjekt at også skuleelevane fekk godt sal på alt det fine dei hadde laga og der inntektene deira går til klassetur neste år. Også vi som arrangør er nøgde med messa, vi selde 50 kilo risengryngraut og mykje kaffi og kaker. Og messa vart det vi ønska at den skal vere, ein ekstra aktivitet og ein treffstad i den mørke årstida. Neste år er det 10-års jubileum for julemessa på Hellesylt så då er det nytt arrangement, seier Anne Grete Hjelmeland Hole.

Helge Kvam Karbø som sjølv selde kålrot og poteter, vurderer kva han skal handle av elevane ved Sunnylven skule.

Helge Kvam Karbø som sjølv selde kålrot og poteter, vurderer kva han skal handle av elevane ved Sunnylven skule.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380