Har fått Klimasatsmidlar
Stranda kommune med samarbeidspartar har etter søknad fått 250.000.- kroner i løyving frå KLIMASATS-ordninga.
I etterkant av møtet som Stranda kommune kalla inn til på Hellesylt 13. juni i år vart det sendt ein søknad om tilskot til å arbeide vidare med bruk/lagring av hydrogen, eit av framtidas viktige drivstoff. No er søknaden til forprosjekt imøtekomen med 250.000.- kroner.
Stranda kommune søkte saman med ei rekkje bedrifter/organisasjonar på eit prosjekt kalla Hellesylt hydrogen-nav/Hellesylt hydrogen HUB (HHH)
Desse var med på søknaden:
Stranda; Stiftinga Geirangerfjord Verdsarv, Katrin Blomvik
Oslo; Bellona AS, Jan Kjetil Paulsen
Ålesund; Sunnmøre Regionråd, Einar Haram
Stranda; Stranda Hamnevesen KF, Rita Berstad Maraak
Hareid; Karinor Marine AS, Norvald Røyset
Vestre Toten; Hexagon Raufoss AS, Vegard Fredheim
Ålesund; Hexagon Composites ASA, Solveig Maria Dropping Sæther
Stranda; Stranda Energi AS. Tore Andre Remme
Stranda; Ringdal kraft AS, Oddbjørn Brunstad
Stranda; Tryggestad kraft AS, Olav Hauso
Molde; Møre og Romsdal fylkeskommune, Lina Jonasson
Molde; Møre og Romsdal fylkeskommune, Ketil Valde
Bergen; Småkraftforeninga, Knut Olav Tveit / Lars Petter Øye
Stranda; Stranda komm. næringsavdelinga, Inge Bjørdal
Skedsmo; Norsk hydrogenforum, Kristian E. Vik
KLIMASATS er ei ordning som gjev støtte til klimasatsing i kommunane for å medverkar til omstilling og lågare klimautslepp målt per innbyggjar. Næringssjef i Stranda, Inge Bjørdal opplyser at det i løpet av kort tid, kanskje i veke 46 vil det bli halde møte der søkjarane skal drøfte på kva måte tilskotet på 250.000.- kroner skal nyttast.
Very interesting subject, regards for posting.Blog monetyze