Hjortejakta i Stranda kommune

I 2008 stubba denne kronhjorten på Helset i Sunnylvsbygda for ei velretta kule

I 2008 stubba denne kronhjorten for ei velretta kule på Helset i Sunnylvsbygda.

Av 657 tildelte løyver i hjortejakta i Stranda kommune har 434 dyr blitt felt fram til 10. november.

Så langt har jægerar i femten hjortevald i Stranda felt 66 prosent av tildelte løyver. Mange har framleis dyr å jakte på, berre Stavseng hjortevald i Liabygda har fylt kvota på seks dyr.

Langedalen hjortevald i Sunnylven er det største med sine 122 fellingsløyver. Til 10. november har det blitt skote 103 dyr, eller 84 prosent av total kvote. Også i Øvre Sunnylvsbygda hjortevald har jakta vore god med 63 dyr av løyve på 91. I Helstad hjortevald har jægerar skote 50 dyr eller 67 prosent av kvota, Stranda sør har 43 dyr som er 75 prosent av tildelt løyve.

Fellingsrapporten viser også prosentvis fordeling mellom dyregrupper. Det er blitt felt 21 prosent kalvar, 34 prosent er 1.5 år gamle dyr, 21 prosent er eldre hann og 25 prosent eldre ho-dyr.

Hjortejakta i Stranda kommune varer til 23. desember. Fullstendig fellingsrapport ligg på kommunen si nettside: https://www.stranda.kommune.no/snarvegar/fellingsresultat-hjort/

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380