Lokalnytt

Ikkje konkrete planer på meieritomta

Både det gamle meieriet og Grand Hotell på Hellesylt er eigd av Flakk Eiendom.
Både det gamle meieriet og Grand Hotell på Hellesylt er eigd av Flakk Eiendom.

Når meieriet på Hellesylt er rive blir eit større areal frigjort. Kva tomta skal nyttast til er ikkje klart.

Storparten av Sunnylven meieri blir i desse dagar sanert, Berre det fyrste bygget som er kvitt skal stå igjen etter det hellesylt.info kjenner til.

Dagleg leiar i Flakk Eiendom, Jon Egil Jakobsen opplyser at så langt er det ikkje konkrete planer for utnytting av tomta. -Vi riv ikkje berre for moro skuld, men bygningsmassen er i dårleg stand så det blir tryggare for alle å få det sanert, seier han. Jakobsen håper at rivearbeidet er ferdig til jul og då vil heile området, som er regulert for turistformål bli fint sletta i fyrste omgang. Kva som skjer seinare kan han ikkje uttale seg om no, men har registrert at det vart gode tal for turisttrafikken på Hellesylt sist sommar.

Ikkje drift ved Grand Hotell

Heller ikkje for Grand Hotell er der konkrete planar for komande sesong. Leigekontrakta med Ramazan Øcal er no avslutta så det er Flakk Eiendom gjennom eit eige selskap som har hand om hotellet. Puben ved hotellet blir ikkje open i jula og Jon Egil Jakobsen trur heller ikkje det blir drift av hotellet neste sesong. Hotellet er heller ikkje til sals.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *