Ikkje skodespel i jula

HUL-teatret avlyser forestillinga si 4. juledag. Teatret lukkast ikkje å fylle opp den mannlege delen av rollelista.
I september fortalde vi at det skulle bli HUL-skodespel 4. juledag om dei siste på rollelista kom på plass. Slik gjekk det ikkje. Teaterleiar i HUL Randi Sæter må berre beklage til alle som har gleda seg til ei ny romjulskomedie.
–Vi har kontakta alle som vi kom på, frå 17-åringar til godt vaksne, men dei mannlege aktørane har vi ikkje funne. Ikkje i år, men kanskje til neste år har vi fått til svar. Dermed hadde vi ikkje anna val enn å avlyse, seier Randi Sæter.
Skodespelet som var tenkt å vise 4. juledag handla om flyktningproblematikk og hadde åtte roller, tre damer og fem menn.