Lokalnytt

Jule-Quiz og trubadur på Hægstad Gård

peer-gynt

Fjerde juledag blir det kunnskapstest og trubadurfest i Peer Gynt galleriet på Hellesylt. Fyrst inviterer arrangøren til jule-Quiz og deretter spelar trubadur Tico.

Arild Ringdal og Egil Røyrhus er faste Quiz-masterar på Peer Gynt galleriet. Fjerde juledag er dei på plass med nye spørsmål om alt mogleg. Det blir generell kunnskap om sport, politikk, geografi, film, musikk og andre tema. Kor mange spørsmål er ikkje bestemt, men 40 eller 50 over to omgongar frå dei siste 15 – 20 åra, seier Arild Ringdal.

Han håper at frammøtet blir like godt som i fjor, då kom 120 personar på jule-quiz på Peer Gynt galleriet. Kunnskapstevlinga startar klokka 19.30 og som vanleg er det med inntil seks personar på laget. Påmelding kjem vi tilbake til, seier Ringdal. Etter Quizen spelar trubadur Tico til dans og underhaldning.

-Vi har hatt ein tett dialog med Hellesylt Ungdomslag om arrangementet fjerde juledag. Og då det ikkje vart verken skodespel eller dans på samfunnshuset var Peer Gynt galleriet klar til å ta over romjulsunderhaldninga på Hellesylt, seier Arild Ringdal.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

3 thoughts on “Jule-Quiz og trubadur på Hægstad Gård

  • Wow, wonderful weblog format! How long have you ever been blogging for?
    you make running a blog glance easy. The total look of
    your web site is wonderful, let alone the content! You can see similar here ecommerce

  • You actually make it appear really easy together with your presentation however I find this matter to be actually one thing that I think I might never understand.

    It sort of feels too complex and extremely wide for
    me. I am looking ahead on your subsequent post,
    I’ll try to get the cling of it! Escape room lista

  • I am regular reader, how are you everybody? This post posted at this site is in fact nice.

Kommentarfeltet er stengt