Kald måndag morgon
Måndag 7. november kraup kvikksølvet godt under null mange stadar i Norge, også i Sunnylven.
Det vart meir enn Kaldsnækje, nesten Gnæse på temperaturmålaren som vi las av måndag morgon. Den digitale viste 8.6 kalde, blå, men truleg var det stader i Sunnylven som hadde det enno kaldare. Kaldast i landet var likevel Heidal i Oppland. Der enda kvikksølvet på minus 34 natt til 7. november.