Lokalnytt

Klipte håret etter fire år

Etter besøk hos frisersalong i Stryn vart det skulderlangt hår for Anna Kristine.
Etter besøk hos frisørsalong i Stryn vart det skulderlangt hår for Anna Kristine. (Foto: Kristin Storstein)

Anna Kristine Storstein Forbord let håret sitt vekse i fire år. Det blonde håret vart både vakkert, langt og tjukt, men så klipte ho det og gav det vekk.

Alltid har Anna elska å flette hår, både sitt eige og andre sitt. Til jul for to år sidan fekk ho to flettedukker som ho har øvd seg på, fortel ho. Ho vart flink og det fall seg naturleg at då ho skulle velje arbeidsoppgåve i 4H-klubben så bestemte ho seg for ei fritt val-oppgåve, nemleg «Fletting av hår». Oppgåvearbeidet laga ho ei fin utstilling av til haustfesten i Fjellrosa 4H og som vart godkjent og fekk sitt bronsemerke i belønning.

Gav det vekk

Anna Kristine går i 8. klasse ved Sunnylven skule. Ho fortel at håret som etter fire år var blitt 60 – 70 centimeter langt kunne vere til litt bry, spesielt når ho skulle delta i gym eller trene i idrett.

Til slutt bestemte ho seg for å klippe seg og i haust skjedde det. På ein friørsalong i Stryn vart det blonde og fyldige håret klipt til skulderkort. Men det vart ikkje kasta, Anna hadde bestemt seg for å donerte det bort gratis til parykkar for kreftramma og slik vart det.

I arkivet fann vi eit bilete frå juleverkstad på skulen i 2015. Som biletet viser har Anna Kristine ei lang flette.
I arkivet fann vi eit bilete frå juleverkstad på skulen i 2015. Som biletet viser har Anna Kristine ei lang flette.

Mange parykkar

For få veker sidan fekk 13 år gamle Anna melding frå frisørsalongen at «hårgåva» var koma fram til rette mottakar og var blitt til ikkje berre ein, men fleire parykkar. Dei blonde lokkane som ho var blitt litt lei av hadde hjelpt og gleda mange.

Anna Kristine fortel at ho kjem til å halde fram med å gjere det ho likar så godt, å lage fletter både på dei to dukkene sine og på veninner om dei vil ha. Men langt hår krev mykje ekstra arbeid og er litt til bry i visse situasjonar, så om ho sjølv vil late det vekse seg langt fleire gonger, veit ho ikkje.

Blond, langt og tjukt var håret som no har blitt til fleire parykkar.
Blond, langt og tjukt var håret som no har blitt til fleire parykkar. (Foto: Kristin Storstein)

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *