Legg Sunnylven meieri i grus

Rivearbeidet av meieriet på Hellesylt er delevis stoppa opp i påvente av at to transformatorar må flyttast ut.

Rivearbeidet av meieriet på Hellesylt er delevis stoppa opp i påvente av at to transformatorar må flyttast ut.

Historia til Sunnylven meieri starta 15. mars 1922. Etter samanslåing med Sunnmøre meieri i 1968 tok drifta i Sunnylven slutt i 1995, og i desse dagar blir storparten av Sunnylven meieri rive.

Det er Møre Miljøsanering AS som har oppdraget med å rive storparten av det gamle meieriet på Hellesylt. Den aller fyrste delen som vart reist i 1922 skal stå igjen, resten blir karva sundt til pukk og blir fyllmasse. Det syter ei diger gravemaskin for der utrulege krefter ikkje let seg stanse av noko byggemateriale, heller ikkje av armert betong.

Fyrste oppdraget

Gravemaskina er ei nyinvestering og den fyrste i sitt slag i Norge. Maskina er laga i Tyskland og kom rett til Hellesylt og det fyrste oppdraget, fortel Espen Skrede Høidal i Møre Miljøsanering, eit firma han og to frå Stranda har gått saman og skipa. Skal ein utføre slike jobbar er denne maskina eit naudsynt hjelpemiddel, seier han. Slike bygg som meieriet på Hellesylt består av både tre, mur og armert betong. All armering blir sortert ut ved hjelp av ein stor magnet, men før det må betongen smuldrast sund, noko den nye maskina har krefter i «kjeften» til å gjere. Anna forureina materiale skal køyrast til deponi i Ålesund.

Møre Miljøsanering har jobba i heile sommar med å førebu rivinga av meieriet på Hellesylt. Innvendig var det mykje gamalt utstyr som måtte ut, vindauge er fjerna og betongveggar har blitt slipa reine for måling, fortel Høydal.

Espen Skrede Høidal til venstre og Svein Erik Dale jobbar med rivinga av Sunnylven meieri.

Espen Skrede Høidal til venstre og Svein Erik Dale jobbar med rivinga av Sunnylven meieri.

Forstår at folk bryr seg

Espen Skrede Høidal har jobba med sanering av bygg sidan 2009 og i Møre Miljøsanering frå 2013. Han har lært seg å halde seg til lover og reglar for slikt arbeid. Han forstår at folk bryr seg når store bygg som meieriet på Hellesylt skal rivast, at det kom ei bekymringsmelding på det miljømessige. Det er berre å ta kontakt om nokon lurer på noko, telefonnummeret mitt står på skiltet framfor meieriet, seier Høidal.

-Vi synest det er kjekt å jobbe på Hellesylt, for vi møter stadig folk som slår av ein prat. Og det er vi glade for, at dei ikkje er lei seg på oss for at meieriet skal bort. Vi gjer berre ein jobb, seier Høidal. Når jobben er ferdig er han usikker på. No er det stopp i rivinga då der er to transformatorar inne i bygget som må ut. Det må Stranda Elverk gjere, men der er det streik mellom ein del av mannskapet.

Historia

I Sunnylven var det fleire meieri fyrst på 1900-talet. Vi har lese oss fram til dette frå Bygdebok for Sunnylven og Geiranger. Langedalen meieri var i drift frå 1894, Hellesylt meieri frå 1898 og Danefoss meieri frå 1899. Røyrhus sætermeieri laga smør og i drift frå 1901 til 1942.

17. mai 1921 kom fleire bønder saman for å drøfte skiping av Sunnylven meieri. Slik vart det og 15. mars 1922 kom det nye meieriet i drift på Hellesylt. I fire år var Anders Vaule paktar av meieriet, men i 1926 gjekk ein over til eiga meieridrift med Ingebrigt Vaule som styrar. Andre styrarar har vore Hermann Monstad 1945 – 1948, Ragnv. Dalberg 1949, Jon Tryggestad 1950 – 1977, og Magne Steen 1977 – 1995.

Sunnylven meieri blei utvida og modernisert tre gonger, i 1949, 1957 og i 1963. I 1968 vart det slått saman med Sunnmøre meieri, og i 1995 vart meieridrifta på Hellesylt vedteke lagt ned.

Det er krefter i sving når gravemaskina skal tygge betong. Sjå den solide kjeften.

Det er krefter i sving når gravemaskina skal tygge betong. Sjå den solide kjeften.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380