Ljøkaia blir utbetra

Mykje ver har herja med Ljøkaia. No blir kaia sett i stand igjen. (Foto frå arkivet 2015)

Mykje ver har herja med Ljøkaia. No blir kaia sett i stand igjen. (Foto frå arkivet 2015)

Om vertilhøva tillet det blir arbeidet med å reparere kaia ved Ljøen starta opp med det fyrste.

Det er entreprenør Christie & Opsahl AS som skal utbetre skadane, både på muren og toppdekket på Ljøkaia, opplyser Merete Løvoll Rønneberg. Ho er kontaktperson i Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv som administrerer planane for utbetringstiltaket.

-Vi håper å få ordna kaia så snart som råd, gjerne før jul. Entreprenøren har frist til 12. mai neste år, men om vertilhøva tillet det blir det ordna før. Det som kan føre til forseinkingar er om det blir svært kaldt, då blir det vanskar med støypearbeidet.

Ljøkaia har fått skadar både på muren og på toppdekket. Merete Løvoll Rønneberg fortel at det har glidd ut stein i muren under vassflata. Nye steinar skal på plass og forsterka med betong. Riksantikvaren har gjeve løyve til å bruke betong i muren under vassflata, då det med åra vil gro til. Vidare skal det støypast toppdekke, men berre på den fremste, oppmura delen. Mot land blir det framleis natursteindekke slik det alltid har vore.

Heile arbeidet er berekna til 1.1 mill. kroner. Rønneberg trur at kaia vil bli i god stand og vere sikra for lang tid framover. Og ho kjem med fleire gla`nyheiter når vi prata med henne på telefon. Også vegen frå Ner-Ljøen til kaia blir sett i stand igjen der ein del av ein mur har rausa ut. Her er arbeidet alt i gong så då blir det snart fint å gå tur, seier Merete Løvoll Rønneberg.

ljokaia-2

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380