Mange arrangement fyrste helg i advent

To dagar med arrangement fyrste helg i advent blir avslutta med lysmesse i Sunnylven kyrkje søndag. (Foto frå arkivet)

To dagar med arrangement fyrste helg i advent blir avslutta med lysmesse i Sunnylven kyrkje søndag. (Foto frå arkivet)

Den fyrste helga i advent nærmar seg. Då er opplevingar og tilbod mange i Sunnylven.

Om det blir julestemning med snø på Hellesylt fyrste helg i advent er vel usikkert, men triveleg blir det likevel. Der er mange arrangement for store og små både laurdag og søndag.

Laurdag 26. november skipar Sunnylven Bygdekvinnelag til julemesse på samfunnshuset for niande gong. Eit stort utval varer blir i sal også i år, frå heimebakst, skinnprodukt, trearbeid, blomster og julenek til spekemat, kålrot, poteter m.m. Bygdekvinnelaget sel kaffi, kaker og julegraut.

På Sunnylven omsorgssenter skipar Sunnylven sanitetslag til adventsstund for pensjonærane med servering laurdag. Her deltek også Sunnylven skulekorps som spelar julesongar.

Julegata i Hellesylt sentrum blir tent på laurdag, og butikkane held ope til kl. 18.00. Enno lenger er opningstidene både ved Hellesylt Boutique & Bar, og ved Øcal kafé.

Fyrste søndag i advent, 27. november er det juletombola med Sunnylven skulekorps som arrangør på samfunnshuset. Dei inviterer også til bygging og utstilling av pepperkakehus og ønskjer at alle bidrag blir levert inn dagen før, altså laurdag mellom kl. 10.00 og 14.00. Byggverka blir stilt ut på scena og tre av dei blir premiert etter loddtrekking søndag. Sunnylven skulekorps sel kaffi, kaker og pølse med brød.

Julegrana i Hellesylt sentrum blir tent søndag klokka 15.15 til kjende og kjære juletonar frå Sunnylven skulekorps. Også andre juletre i sentrum og på Svarthamaren høgt oppfor sentrum vil lyse frå fyrste søndag i advent.

Og frå ei lysande julegate på Hellesylt kan unge og eldre ta turen til lysmesse i Sunnylven kyrkje. Lysmessa fyrste søndag i advent tek til kl. 16.00.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380