Ny butikksjef ved Coop Marked Hellesylt
Christina Michelle van der Plas blir ny butikksjef ved Coop marked Hellesylt, etter Camilla Volsdal som har kjøpt butikk i Brattvåg.
Den nye butikksjefen på Coop marked er frå Harøy, men opphaveleg frå Nederland. I Norge har ho budd i ni år og meistrar språk og det skriftlege godt. Ho har sju års erfaring frå butikk tidlegare og har jobba som assisterande sjef i anna bedrift.
Christina Michelle van der Plas (42) har to barn som går i andre og femte klasse. Ho har fått seg leilegheit på Hellesylt og flyttar dit 28. desember. Januar skal ho bruke til å gjere seg kjent med butikken og jobben, og frå 1. februar tek ho over som butikksjef, fortel ho. Christina Michelle gledar seg og ser fram til å kome til Hellesylt og til ein jobb som ho håper å vere i lenge.