Lokalnytt

Ny kalender frå Storfjordens Venner

kalendar-2

Den populære Storfjordkalenderen er no i sal på dei vanlege plassane på Sunnmøre i bokhandlar og butikkar.

Pressemelding frå Storfjordens Venner

Det er 24. året denne kalenderen er i sal. Kalenderen i år inneheld mange minnerike bilete med utfyllande tekst som fortel om historia bak bileta. Det er tidlegare redaktør i Sunnmørsposten, Harald Kjølås som har plukka ut bileta og skrive teksten- som han har gjort i alle desse åra. Her er mange godbitar frå Storfjordområdet si historie frå bygder, gardar, sjøbruk etc.

Kalenderen skaffar gode inntekter til foreininga sitt arbeid. Gjennom desse over 20 åra er det snakk om fleire millionar kroner gjennom sal og annonser. Næringslivet og bankar er gode støttespelarar . 

I 2016 har Storfjordens Venner sluttført restaurering av husmannsplassen Kurlå ved Hellesylt, bygningar på Grova i Liabygda og Bjørneviksmia på Furstranda i Sykkylven. I 2017 tek vi til på nye prosjekt. I alt har Storfjordens Venner restaurert mellom 120 og 130 større og mindre prosjekt frå oppstarten av foreininga.

Innsatsen til Storfjordens Venner blei i sommar krona med den høgste prisen ein kan få innan kulturminnearbeid i Europa – den europeiske kulturminneprisen-Europa Nostra.

Dette gav ny inspirasjon og motivasjon og var ei vitamininnsprøyting for oss seier leiaren i Storfjordens Venner Kjell Løseth og administrativ leiar Einar Hoel. Pris og statuett blei overrekt i eit storstilt arrangement i Madrid.

 

På Hellesylt er Storfjorden Venner sin kalender i sal på dei to daglegvarebutikkane, Joker Ringdal & Co, og på Coop Marknad. Biletet på framsida er frå Hellesylt 1903. Også inne i kalendaren finn ein fleire interessante bilete frå Storfjordområdet.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *