Notiser

Ny nattstenging ved Sveabakkbrua

Utbetringsarbeidet med Sveabakkbrua nermar seg fullført og vegen blir asfaltert, melder Statens Vegvesen.
Utbetringsarbeidet med Sveabakkbrua nermar seg fullført og vegen blir asfaltert, melder Statens Vegvesen.

Den midlertidige brua som har vore i bruk medan Sveabakkbrua blir utbedra skal demonterast og vegen skal gjerast klar for asfaltering.

Statens Vegvesen melder at Fv. 60 blir nattestengt frå onsdag 23. november klokka 2215 til klokka 0600 neste dag. Redningsetatane kan passere.

Torsdag 24. og fredag 25. november blir det trafikkdirigering når vegen blir asfaltert. Dette er den siste stenginga i samband med utbedringa av Sveabakkbrua.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *