Nye go`saker frå grendalag

Laurdag 12. november blir det nytt festmåltid med salta og tørka saudehaud, og andre go`saker på Sunnylvsbygda grendahus.
Laurdag 12. november blir det nytt festmåltid med salta og tørka saudehaud, og andre go`saker på Sunnylvsbygda grendahus. (Foto frå arkivet)

Når Sunnylvsbygda grendalag inviterer til saudehaudfest er gode råvarer og dyktige kokkar på plass.

Med salta og tørka saudehaud som hovudrett inviterer Sunnylvsbygda grendalag for syttande gong til saudehaudfest og årets gourmetiske måltid. Laurdag 12. november er 120 saudehaud eller 240 halve av den vestlandske delikatessa klare til servering, har vi fått opplyst frå leiinga i grendalaget. Det er haud av får som har beita i Verdsarvområdet, noko som også skulle borge for eit velsmakande måltid. I tillegg serverer arrangøren både kokmør frå Ole Ringdal AS, kålrot, poteter og flatbrød. I baren blir det sal av forfriskingar av ulike slag. Etter måltidet er det svingom til musikk frå CD.

På Sunnylvsbygda grendahus er der plass til kring hundre gjestar på saudehaudfesten. Det blir nok fullt så ver rask og meld deg på!

Billett ved inngangen kr. 250.-. Berre dans kr. 100.-

Påmelding til saudehaudfest innan 9. november til;

Olav Lade, mob. 918 93 177

Oddbjørg Stadheim, mob. 408 41 702

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.