Nye spørsmål kring kommunesamanslåing

Stranda kommune har lagt fram eit budsjett til politisk handsaming for 2017. Budsjettet er i balanse der reduserte overføringar frå Staten er baka inn, opplyser ordførar Tryggestad.

Stranda kommune har lagt fram eit budsjett til politisk handsaming for 2017. Budsjettet er i balanse der reduserte overføringar frå Staten er baka inn, opplyser ordførar Tryggestad.

Ordførar Jan Ove Tryggestad har fått eit nytt spørsmål å svare på frå gruppeleiar i FrP, Frank Sve.

I eit skrifteleg spørsmål om kommunale inntekter som går tapt grunna at kommunen har vedteke ikkje samanslåing med Sykkylven innleiar Sve med til dels kraftfulle ord og skriv;

-Ordførar Jan Ove Tryggestad og SP/AP har jaggu god råda.

Økonomisjefen og rådmannen la klart fram for kommunestyret at Stranda må kutte omlag 3 mill kr i

2017, og tapar så mykje som 26,4 mill kr i inntekter dei neste fire åra, dersom vi står åleine.

Framlegget frå FrP/Høgre med støtte frå KrF og Venstre, ville ført til eit positivt vedtak, vi hadde såleis fått beholde dei ca 3 mill kr årleg, og altså fått totalt 26,4 mill kr meir dei neste fire åra.

-Spørsmålet til ordførar er:

Det skal no kuttast 2,85 mill kroner i rammene i budsjettet for 2017, gjennom at årets basistilskott vert fjerna. Innbyggjarane har krav til å få vite kva ordførar og SP/AP har tenkt å kutte, for konsekvensar får dette.

– Kvar vert det kutta 2,85 mill kr

– Kan ordførar liste opp alle behova som er meldt inn frå einingane, som ein IKKJE finn rom for, jamf kutta som no må gjennomførast?-

Trur viktige teneste fell vekk

Det var på siste kommunestyremøte i Stranda at eit framlegg frå FrP / Høgre om nye forhandlingar om samanslåing med Sykkylven fall med 13 (Sp og Ap) mot 11 røyster. I eit skriv til interpellasjonen blir det peika på store tapte inntekter ved ikkje å slå seg saman, og der det heiter vidare at dette vil; -føre til at eit hopetal tenester vil falle vekk. Utkantane i vår kommune vil miste det meste som til dømes Sunnylven som i så fall kan sjå langt etter ny skule og behalde mange viktige andre funksjonar som dei har i dag-.

Respekterer folkerøystinga

I svaret frå ordføraren var han klar på at han respekterer resultatet av folkeavrøystinga. Saka om kommunereforma har blitt handsama etter dei retningslinjer som er lagde av Regjering og Storting. Også informasjon om dei økonomiske konsekvensane ved å halde fram som eiga kommune vart godt informert om på folkemøta.

–Dersom ein ikkje legg til grunn den respekten for innbyggarane sine signal i denne saka er eg redd for at dei lokaldemokratiske konsekvensane vil vere at ingen bryr seg om det vidare arbeidet i ei eventuell ny kommune-, heitte det mellom anna i det skriftlege svaret frå ordførar Tryggestad.

Budsjett i balanse

På spørsmål frå hellesylt.info stiller ordførarer seg undrande til spørsmålet han skal svare på 15. desember.

-Eg vart overraska over spørsmålet, for vedkomande burde ha fått med seg at vi har lagt fram eit budsjett til politisk handsaming i balanse for 2017. Der er dei reduserte overføringane frå Staten på 2.850.000.- innbaka. Innsparingane er gjort gjennom at vi får reduserte renteutgifter på reduserte lån og litt reduksjon i anna drift.

At det vil føre til tap av viktige funksjonar mellom anna i Sunnylven stemmer ikkje. Verken skule eller legekontor blir berørt. Rett nok ser vi på legesituasjonen i kommunen for framtida, men i fyrste omgang blir det inga endring. Når det gjeld overføringar frå Staten for seinare år er det ingen som veit noko sikkert i dag, seier Jan Ove Tryggestad.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380