Lokalnytt

Over hundre kom på Prøysen-konsert

Hellesylt songlag, eller Koret hadde fullklaff med konserten sin og Prøysen-viser på repertoaret søndag.
Hellesylt songlag, eller Koret hadde fullklaff med konserten sin og Prøysen-viser på repertoaret søndag.

Med Prøysen sine visetekstar framført av Hellesylt songlag, eller Koret som dei helst vil kalle seg, vart det trivelege timar ein søndag ettermiddag på Sunnylven samfunnshus.

Det har gått snart eit år sidan julekonsert og sist Hellesylt songlag let høyre frå seg. Alt for lenge vil mange seie etter konserten på Sunnylven samfunnshus søndag. Rundt 12 – 15 songarar har i haust kome saman og øvd inn eit knippe songar av Ringsaker sin store diktar og viseskald Alf Prøysen. Det vart til ein flott konsert som over hundre unge og eldre fekk seg framført søndag.

Leiar i styret for Hellesyt songlag, Kari Hauso Stadheim ønska vel møtt på vegne av koret. Ho tykte det var flott at så mange kom på konserten, -men her er plass til fleire songarar som dokke ser, la ho til.

Lat det vere sagt at sjølv om talet songarar var få, vart det ein konsert som gleda dei frammøtte på søndag ettermiddag. Og i tillegg til flotte framføringar av kjende og kjære Prøysen-viser baud arrangøren på både kaffi og kaker, og tombola der det viste seg at publikum var svært så rause loddkjøparar.

Med Gunnar Inge Eide ved pianoet og Kristin Storstein som dirigent framførte Koret tolv songar, nokre av dei som allsong. Solistar var Arne Frøysa, Gunnar Friestad, Oddbjørg Stadheim og Kristin Storstein. Konserten opna med «Solskin og sang» og «Drømmevise», og deretter kom Prøysen sine kjende «landeplager» på rekke og rad, som «Den første løvetann», «Jørgen Hattemaker», «Visa hennar Staselin», «Sønnavindsvalsen», «Mitt hjerte er ditt», og til slutt «Du skal få en dag i mårå».

Etter to timar med kulturelt påfyll var det heile over. Knut Tryggestad, tidlegare dyktig korsongar gjorde seg til talsmann for fleire og takka Koret så mykje for konserten, og la til; -Frammøtet her i dag viser at vi er mange som set pris på å få oppleve slike tilstellingar, så tusen takk-.

Svært mange kom på konserten til Hellesylt songlag. Det gleda arrangøren.
Svært mange kom på konserten til Hellesylt songlag. Det gleda arrangøren.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *