Pensjonist-treff samla 160 på Samfunnshuset.

Roger Juul.

Roger Juul.

Rundt 160 eldre fann vegen til Samfunnshuset då Sunnylven Pensjonistlag baud inn til pensjonisttreff nyleg. Frå Stranda kom 80 pensjonistar, og dei var før festen på omvisning i Sunnylven Kyrkje.

Sigrid Frøysa Aasen, som er formann i tilskiparlaget, ønskte alle hjarteleg velkomne, og Torvald Hauge heldt ei kort andakt. Deretter var nokre unge skulejenter frampå med vakker song og orgelspel.

I matpausen vart det så servert lapskaus , kaffi og kaker, og dei frammøtte fekk tid til å knyte nye kjennskap og friske opp att gamle.

Sokneprest Juul underheldt med soger då programmet tok til att. Helge Fivelstad spela gitar og las nokre dikt, og Grete Juul las eit stykke om dei fire årstidene i Noreg. Pauline Storstein las frå det handskrivne lagsbladet til Pensjonistlaget, før ordet vart gjeve fritt. Ein representant frå Stranda nytta høvet til å takke for innbydinga til den hyggjelege festen, og Ragnvald Engeset runda av det gilde samværet med dikt mellom anna av Jakob Sande.

e.d.

Denne artikkelen stod i Sunnylvingen, nr 12, november 1981.

Roger Juul og kona Grete kom til Hellesylt i august 1977. Han var prest i Sunnylven fram til hausten 1984 då han vart tilsett i Uranienborg kyrkje i Oslo. Han vert særleg hugsa for arbeidet med å skaffe nytt orgel i kyrkja. Juul likte å ferdast i naturen og var sterkt medverkande til at ein kom i gang igjen med tradisjonen med å halde utegudsudsteneste på Flofjellet. Roger Juul gjekk bort 2. januar 1998.

Gunnar Sårheim Fivelstad

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info