Presenterte boka om distriktsjordmødre

Forfattar Aud Farstad til høgre fortalde frå boka si om distriktsjordmødrene under eit møte i Sunnylven sanitetslag torsdag. Her saman med leiar i laget Kari Hauso Stadheim.
Forfattar Aud Farstad til høgre fortalde frå boka si om distriktsjordmødrene under eit møte i Sunnylven sanitetslag torsdag. Her saman med leiar i laget Kari Hauso Stadheim.

I haust kom boka «På liv og død: Distriktsjordmødrenes historie» ut på Det Norske Samlaget. Torsdag kveld fekk medlemer i Sunnylven sanitetslag møte forfattaren av boka, Aud Farstad.

Boka av historikar og forfattar Aud Farstad frå Ålesund handlar om distriktsjordmødrene rundt om i heile Norge, og som ho kallar dei fyrste helsearbeidarane ute på bygdene. Torsdag kveld var forfattaren til stades på temakveld i Sunnylven sanitetslag saman med knappe femti frammøtte der ho presenterte boka si. Sunnylven sanitetslag og Ålesund sanitetsforening har begge støtta utgjeving av boka økonomisk.

Eine delen av framsidebildet er frå ein fødsel på Vigra. Guten som vart fødd lever i dag på Jan Mayen fortalde forfattaren. Den andre delen viser Pernille Sæbønes som legg ut i båt i Hjørundfjorden i 1860.

I eldre tid var det svært mange som døde under fødsel rundt om i landet og behovet for utdanna jordmødre var stort. Kunnskapen var ikkje alltid den største og mange underlege ting vart teke i bruk mellom anna havresuppe for å mjuke opp fødselsgangane, fortalde ho.

Fleire av historiene i boka handlag om jordmødre i Sunnylven heilt frå tidleg på 1800-talet. Cicilie A. Hauge var den aller fyrste jordmora med utdanning i Sunnylven. Cicilie var fødd 1805 og 24 år gamal gjekk ho heile vegen frå Sunnylven til Oslo for å kome seg på jordmorskule i Kristiania. Cicilie var ein flink elev der og fekk gode karakter, hadde Farstad funne fram til.

Av andre jordmødre i Sunnylven fortel boka om Anna Elise Olsdatter Ljøen som hadde si utdanning frå jordmorskule i Bergen, same stad som Petra Hellesylt Sæter fekk si utdanning i 1933. Sæter var jordmor i Sunnylven og Stranda frå 1939 til 1969.

Aud Farstad fortalde interessant og levande i tre kvarter om dei ho kalla for dei fyrste helsearbeidarane på bygdene. Å kome fram til fødande i gamle dagar var ikkje alltid lett i all slag ver. Boka har forteljingar der hest, skysskar og jordmor kom ut for uver eller angep frå ville dyr. Det var ein kamp «På liv og død».

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.