Pynta Hellesylt til jul.

Arne Tronstad til høgre og Åge Gjørvad fekk lysslynger på plass i fleire av trea i gata på Hellesylt torsdag.

Arne Tronstad til høgre og Åge Gjørvad fekk lysslynger på plass i fleire av trea i gata på Hellesylt torsdag.

Det blir julepynta gate på Hellesylt også i år. Det syter mellom anna spreke pensjonistar for.

Like ved Sparebanken Møre på Hellesylt møtte vi på Arne Tronstad og Åge Gjørvad. Dei var i full sving med å få opp lysslynger i trea ved banken. Og det var ikkje fyrste året dei to hadde denne ulønna jobben. Det var fjerde året at dei kleiv i stigar og rigga julebelysning både her og der.

Det er greitt å ha noko å styre med, og eit arbeid som også mange andre har glede av, meinte dei to. Det har dei rett i, for å ha ei ekstra opplyst og julepynta gate på Hellesylt i tillegg til den kommunale julegrana trur vi mange set pris på.

Pyntinga til jul starta for fem år sidan med ideen om å plassere eit lysande juletre ein stad i terrenget som viste til Hellesylt sentrum. Mange forslag vart drøfta i Coop-kroken, men til slutt fall vedtaket på Svarthammaren opp for Hellesylt sentrum, minnast karane.

Det var vel litt delte meiningar om stadvalet, men tiltaket vart også møtt med mykje velvilje. Vi slapp kronerulling for å dekke utgifter med juletreet, fortel dei. Utgifter til straumkabel, ein del materiale og belysning vart betalt av bedrifter på Hellesylt. Dei største på spleiselaget var Ole Ringdal AS, HT Bygg Hellesylt AS, Sparebanken Møre og Liv Hellebostad som gav løyve til straumuttak til julegleda på Svarthammaren.

Dei to sprekingane fortalde at juletreet på Svarthammaren vart montert ferdig og belysninga sjekka tidleg i november. Dei lovar at det vil lyse for femte år på rad frå den faste staden 130 meter over Hellesylt sentrum, saman med lysslynger i trea ved sparebanken og annan stad i gata frå fyrste søndag i advent til over jul.

Åge Gjørvad til venstre og Arne Tronstad gjer pyntejobben og bedrifter på Hellesylt spleisar på lyslenkene og anna som må til for å lage julegate.

Åge Gjørvad til venstre og Arne Tronstad gjer pyntejobben og bedrifter på Hellesylt spleisar på lyslenkene og anna som må til for å lage julegate.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380