Raud løpar og sprudledrikk på premiere

Mange var spente på å sjå resultatet av dansefilminga tidlegare i sommar. Det var leik og lette steg, vakre naturbilete,og god turistreklame.

Mange var spente på å sjå resultatet av dansefilminga tidlegare i sommar. Det var leik og lette steg, vakre naturbilete,og god turistreklame.

Publikum sat tett i Tronstad grendahus då det var Norgespremiere på Noregs Ungdomslag og Folkepedia sine nyinnspela filmar om folkedans.

Sjernene denne kvelden var ungdom frå Hellesylt Ungdomslag og Sykkylven Ungdomslag og i Tronstad grendahus fekk dei sine plassar lengst framme i storsalen. Både Noregs Ungdomslag og lokale ungdomslag ønska å gjere stad på dei unge dansestjernene denne kvelden, så både den raude løparen var rulla ut framfor inngangsdøra, og inne hadde dei tidlegare på kvelden kosa seg med taco og andre go`saker fekk vi oss fortalt. Også alle andre som kom til filmpremiera fekk seg spandert sprudledrikk i høge glas.

Frå Noregs Ungdomslag kom mellom anna Halldis Folkedal, ansvarleg for prosjektet. Ho rosa dei unge dansarane. -Vi fekk gjort opptak av det vi hadde tenkt, så vi er nøgde. Og dansarane var svært flinke, la ho til. På slutten av filmpremiera fekk alle som hadde delteke i filminga kvar si lita veske av NU.

Politisk nestleiar i Noregs Ungdomslag, Marit Nerås Krogsæter sa at dei no hadde gjennomført eit nasjonalt prosjekt og laga eit verkty i danseopplæring gjennom Folkepedia. Og at det var ungdom som var læremeistrar var ekstra flott, tykte ho.

Det hadde blitt åtte filmar med aktørar frå Hellesylt UL og Sykkylven UL så langt. På kvar film vart det vist ein spesiell dans med forklaring på trinn og bevegelse. Dei åtte dansane var; Tretur, Parhalling, Lettispolka, ein songdans, Gilleråsen, Dobbel reinlender, Springar og Polka. Innspelingsstadar var på Ljøen, om bord i turistferja Bolsøy, ved badehuset på Hellesylt og på Bjørke.

Wenche Høgalmen Ringdal er leiar i barneleikarringen i HUL. Ho takka fleire, at det hadde gått fint skuldast at mange hadde stilt på og hjelpt med øving både før og under filminnspelinga.

Også ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad var til stades og lika det han fekk sjå. Han hadde med ein gåvesjekk til Barneleikarringen i HUL som han overrekte leiaren. –Eg har vore på to filmpremiere, i Haugesund i fjor haust, men denne på Tronstad var artigare. Dans gjev samhald og det De har vore med å spele inn vil vere triveleg å sjå igjen om eksempelvis 50 år, sa han mellom anna. –Då er eg 59 år, kommenterte ein av dei unge dansarane.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380