Lokalnytt

«Skulen vår» var tema i Grunnskuleveka

SAman med medelevar på mellomsteget presenterte Bertine t.v. og Sigrid Imilie noko av det dei har opplevd og jobba med ved Sunnylven skule.
Saman med medelevar på ungdomssteget presenterte Bertine t.v. og Sigrid Imilie noko av det dei har opplevd og jobba med ved Sunnylven skule.

Frammøtet var ekstra stort ved Sunnylven skule då Grunnskuleveka 2016 vart avslutta med utstilling av elevarbeid og program tysdag.

Rektor Torje Bjørneset kunne ønske vel møtt til grunnskuleavslutning og program i ein storsal der svært mange foreldre og andre pårørande hadde møtt fram. Tema for Grunnskuleveka i år var «Skulen vår». Grunnskuleveka har lang tradisjon og er eit samarbeid i lokalsamfunnet med lag, organisasjonar og næringsliv, sa Bjørneset. Han oppmoda alle til å ta turen kring om på skulen og sjå på det flinke elevar hadde laga av utstillingar og presentasjonar. Han ønska også at foreldre og andre tok del i skulestrukturdebatten. –Det er viktig å engasjere seg og få fram det ein meinar, for skulen er med på å forme oss for framtida.

På lag i skulekvardagen

I Grunnskuleveka hadde elevane jobba og gjort seg kjende med lag og organisasjonar som på mange måtar er ein del av skulekvardagen. På plakatar og Power Point-innslag fekk vi fortalt om samarbeid med eksempelvis Bygdekvinnelaget som serverer potetball til heile skulen annakvart år, biblioteket der skulen er den største låntakaren av bøker, gamleskulen som elevar er innom med visse mellomrom, Storfjordens Venner og prosjektet på Kurlå som mellomsteget var engasjert i, Sunnylven sanitetslag, Røde Kors, Samfunnshuset og Sunnylven IL med mange allsidige aktivitetar sommar som vinter. Også Sunnylven skyttarlag, Sunnylven skulekorps og fleire andre vart presentert på plakatar, bilete eller film.

Vi fann mange utstillingar på avslutninga av Grunnskuleveka. Her var mykje informasjon om husmannsplassen Kurlå som no er restaurert og som mellomsteget har hatt prosjektarbeid med.
Vi fann mange utstillingar på avslutninga av Grunnskuleveka, mellom anna mykje informasjon om husmannsplassen Kurlå som no er restaurert og som mellomsteget har hatt prosjektarbeid med.

Sterke signal

Vi tek med nokre «slagord» vi fann på plakatar som fortel mykje om skulen, om dei som jobbar der og det dei ønskjer for framtida: «Er skulen viktig for bygda vår!? Stranda kommune, kvifor blir ikkje vi prioritert?». «Vi vil, vi tør, men vi har ikkje pengar». «Du kan ikkje lure deg unna leksene på ein leksefri skule». «Vi kan, vi vil og vi tør å vere 1 – 10 skule».

Programmet frå scena i storsalen hadde ein raud tråd, å få behalde «Skulen vår». Alle er kjende med at det er starta ei skulestrukturhøyring i kommunen. Elevar, foreldre og lærarar vil gjerne behalde Sunnylven skule slik den er i dag , noko vi forstår at fleire vil kjempe for. I alle fall kom ønsket klart fram under programmet og på andre måtar under Grunnskuleavslutninga.

Ei samanhengande lenke av elevar og lærarar rundt heile gymmsalen stadfesta eit sterkt ønskje om å få behalde "Skulen vår" i Sunnylven.
Ei samanhengande lenke av elevar og lærarar rundt heile gymmsalen stadfesta eit sterkt ønskje om å få behalde «Skulen vår» i Sunnylven.

Samhald for læringshuset

Frå scena fekk publikum sjå og høyre eit variert knippe innslag. I «dansebygda» hører alltid med innslag med sving og lette steg av ungdom, og det vart fleire songinnslag, Kanskje aller sterkast manifestasjon for «Skulen vår» stod elevar og lærarar for i lag då dei danna ei samanhangande kjede kring heile gymnastikksalen og over scena der «kravet» var ei fortsatt framtid for læringshuset i bygda.

-Det er her vi vil være, det er her vi vil lære, det er den beste skulen, lydde teksta i ein song frå småskulen. Som avslutning fekk publikum høyre alle elevane i samsong i MGP-vinnarlåta «Vestlandet». Og Andrea frå ungdomssteget sa det forståeleg; – Det som er bra med ungdomsskule her er at når vi startar på u-skulen flyttar vi berre ein etasje opp. Vi kjenner både medelevar og lærarar godt, noko som gjer at vi raskt kan konsentrere oss om det faglege.

Grunnskuleveka vart vakkert avrunda frå scena med alle elevar til stades i MGP- vinnarlåta "Vestlandet".
Grunnskuleveka vart vakkert avrunda frå scena med alle elevar til stades i MGP- vinnarlåta «Vestlandet».

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

One thought on “«Skulen vår» var tema i Grunnskuleveka

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *