Sogelaget med innhaldsrik kulturkveld
Stranda Sogelag har no 423 medlemmar. Tysdag kveld samla heile 130 personar seg til laget sin kulturkveld på kulturhuset, og dei fekk servert eit variert, interessant og innhaldsrikt program
Ragnvald Isehaug opna programmet med tre melodiar, flott framført på munnspel og kom seinare attende med ei ny avdeling. Deretter gav programleiar Arne Olav Stavseng ordet til kveldens kåsør, Kjell Løseth. Han er leiar i Storfjordens Venner og fortalde om arbeidet organisasjonen har lagt ned for å verne om naturminne og levande kultur.
Det var fleire pionerar som stod bak skipinga av Storfjordens Venner i 1975, og Løseth nemnde særskilt Karl Mjelva og Helge Søvik. Til no har organisasjonen stått bak mellom 120 og 130 større og mindre prosjekt og fått tilskot på 20-30 millionar. Like stor verdi har det omfattande dugnadsarbeidet hatt. Siste prosjektet som er fullført er Kurlå, den eldste husmannsplassen innanfor Ørskog, som Løseth uttrykte det.
Europeisk pris
Storfjordens Venner fekk dette året den høgthengande Europa Nostra-prisen for sin spesielle innsats, og Løseth viste den flotte videoen som vart laga om arbeidet langs Storfjorden til tildelinga av prisen i Madrid. Han krydra og kåseriet sitt med mange gode og muntre historier.
Bygdeminne
Kåre Stadheim presenterte så årets Bygdeminne og fortalde litt om dei ulike artiklane. Dei har stor spennvidde i innhald frå fleire av bygdelaga i kommunen. Mellom anna har Knut Frøysa skrive om Kurlå, og Olav Elling Gausdal om bestefaren sin, Olav Gausdal, eplebonden i Bringa.
Stadheim framheva elles Harald Kjølås og Asbjørn Gjærde som dyktige bidragytarar både til årets- og tidlegare Bygdeminne.
Berge Trevarefabrikkfabrikk
Berge Trevarefabrikk er 100 år i år, og i ein video fortalde Hans og Rolleiv Berge om korleis fabrikken kom til og om arbeidet som vart utført der. Her vart det mellom anna produsert møblar, reiskap og utstyr til ulike formål. Dei dreiv og med kornmaling og saging av tømmer. Berge Trevarefabrikk var den første bedrifta i Stranda som vart driven av elektrisitet.
Det er verkeleg imponerande at ein no med noko tilskot og eit svært omfattande dugnadsarbeid har klart å restaurere lokala, utstyr og maskiner slik at dei no kan brukast som i den fyrste tida. Til og med Berge-mylna var restaurert. Det var difor særs fortent at sogelaget tildeler Hans og Rolleiv Berge ein nyoppretta godt vern-pris for dette arbeidet.