Alf Prøysen på søndagskonsert

Søndag inviterer Hellesylt songlag til konsert på Sunnylven samfunnshus. Der står visetekstar av Alf Prøysen på alle songark.
Hellesylt songlag hadde nok av songar å velge mellom då dei bestemte seg for å øve inn og invitere til Prøysen-konsert på Sunnylven samfunnshus søndag. Diktaren, visekunstnaren, roman –og novelleforfattaren, eller dramaskribenten for teater fekk namnet Alf Prøysen og var fødd i Ringsaker på Rudshøgda 23. juli 1914. Der levde han i stusselege kår, men produserte rim og regler like fullt og vart ein av dei største visediktarar i Norge. Det vart eit imponerande materiale frå debutten med Drengestu-visa i 1948 til han døde 23. november 1970, 56 år gamal.
Kven huskar vel ikkje Prøysen-viser som Musevisa, Du ska få en dag i mårå, Steinrøysa ned i bakken, Den fyrste løvetann, På blåbærtur, eller kjenningen frå radiobarnetimen, Å du gode sparegrisen min.
Kva Hellesylt songlag sine menn og damer har øvd inn til konsert får vere ei overrasking. Der er rikeleg å velje mellom med tekstar frå natur, folk og fe, mellom anna får kua Staselin sin plass i konserten. I alt tolv songar har koret øvd inn med Gunnar Inge Eide på tangentar og Kristin Storstein som dirigent, og i tillegg blir det to eller tre som allsong, har vi fått oss fortalt.
Så ta turen til Sunnylven samfunnshus søndag 6. november og til ein triveleg ettermiddagskonsert med Prøysen-viser, utlodding og med sal av kaker og kaffi.
You actually make it seem so easy together with your presentation but I find this topic to be really one thing that I
believe I might by no means understand. It sort of feels too complex and extremely
huge for me. I’m taking a look forward in your next post, I’ll try to get the hold of it!
Escape rooms hub
Very interesting details you have mentioned, appreciate it for posting.?