Spelar om NM-tittel i J16.

Pernille Nybø Støverstein spelar på SK Herd sitt J16-lag i fotball. Om ei veke spelar ho og lagveninnene om NM-tittelen i aldersklassa.
Pernille Nybø Støverstein har slektsrøter frå Sunnylven og har spela fotball på lag i Sunnylven IL. No er ho ei av mange gode på SK Herd sitt jenter 16-lag som har spela seg heilt fram til NM-finale for denne aldersklassa.
I semifinalen møtte SK Herd Ullensaker/Kisa på bortebane på Jessheim. Det vart eit jamt oppgjør der gjestane frå Sunnmøre tok leiinga ved Synne Masdal. Men så donka heimelaget inn to mål og til leiing ved pause. I andre omgang ordna Pernille Nybø Støverstein balanse i rekneskapen, det siste målet i ordinær tid. På straffespark vann SK Herd og dermed ventar Forus/Gausel i NM-finale i Telenor Arena fredag 18. november.
Jenter 16-laget til SK Herd møter Forus/Gausel for andre gong denne sesongen. Under Dana Cup vart det eit knepent tap, så neste fredag er det tid for revansj for Pernille Nybø Støverstein og dei andre på laget frå Sunnmøre.