Startar arbeid på Ljøkaia

Fire konteinarar kom til Hellesylt tysdag. Dei skal koplast saman g bli ein flytande arbeidsplass for dykkarar ved Ljøkaia.

Fire konteinarar kom til Hellesylt tysdag. Dei skal koplast saman og bli ein flytande arbeidsplass for dykkarar ved Ljøkaia.

Dykkerfirma O. E. Hagen AS dykkerfirma, Stryn har fått oppdraget med å forsterke grunnmuren på Ljøkaia i Sunnylvsfjorden.

Tysdag kom ein trailer med utstyr som dykkarar frå O.E. Hagen AS i Stryn skal nytte under utbetringsarbeid på Ljøkaia. I grunnmuren under vatn er det glidd ut steinar som skal på plass igjen og støypast fast  etter løyve frå fylkesantikvaren.

På traileren vart det frakta fire konteinarar som skal koblast saman og blir ein flytande arbeidsplass som dykkarane skal arbeide frå, fekk vi oss fortalt. Betongen blir frakta til Ljøkaia med helikopter og fylt i utstyr på den flytande lekteren slik at arbeidarane han arbeide fritt og uavhengig av flyginga. Reparasjonsarbeidet vil kome i gong så snart veret tillet det, kanskje alt i morgon onsdag.

Her er arbeidsflåten for dykkerane montert, klar for turen til Ljøkaia.

Her er arbeidsflåten for dykkerane montert, klar for turen til Ljøkaia.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380