Store tilskot til utsiktsrydding i Sunnylven
Frå fylkesmannen i Møre og Romsdal er det kome svar på søknadane frå Sunnylven om tilskot til utsiktsrydding. Svaret vart ei rett så flott julegåve.
Tre søknader om tilskot til utsiktsrydding av skog vart sende inn frå Sunnylven i slutten av september. No er søknadane imøtekomne med til saman 297.500 kroner i tilskott.
I 2016 innførte Landbruks og matdepartementet ei ordning der det kunne gjevast tilskot til rydding av kulturlandskap, vegkantar og utsiktspunkt av særleg verdifull karakter sett frå landbruket og reiselivsnæringa si side.
Som i mange andre bygder gror utkikkspunkt og kulturlandskap også i Sunnylven igjen med lauvskog. Manuell rydding er alternativet for å opne opp igjen for utsikt.
Hellesylt Næringslag og ein privatperson fekk i september sendt inn søknadar om statleg støtte til ryddearbeidet. No er dei tre søknadane ferdigbehandla og imøtekomne med 70 prosent tilskott av kostnadsoverslaget, til saman 297.500.-
Fylkesmannen i Møre & Romsdal skriv i vedtaket til Hellesylt Næringslag som har fått tildelt største tilskotet; -Kart og fotodokumentasjon viser at areala i stor grad er tilvakse med skog og kratt og at rydding som omsøkt vil opne for utsikt til kulturlandskapet frå både fylkesveg 60 som går gjennom Hellesylt, og frå bygdavegen som går opp mot Hole og Bjørdal.
Om lag same grunngjeving viser Fylkesmannen til i dei to andre søknadane der ryddinga er planlagt langs Bygdavegen ved Frøysa og ved Brekke. Arbeida skal vere ferdig innan 31.12.-2018 og har eit atterhald. Området skal vedlikehaldast med beiting eller ved manuelt arbeid i tre år etter gjennomføringa.
I ein kommentar til vedtak og løyvingane seier næringssjef i Stranda kommune, Inge Bjørdal seg glad for at søknadane vart sende inn før fristen. -Interessa og oppmøtet på orienteringa på Sunnylven samfunnshus i september var heller lita, så eg hadde vel bort imot gitt opp. Men dette er sjølvsagt flott, og for desse pengane må det kunne gjerast ein god del ryddearbeid på viktige strekningar. Ordninga er omdiskutert fordi dette eigentleg er pengar som er henta frå SMIL-ordninga, men når avtalepartane i jordbruket først har bestemt seg for dette er det sjølvsagt heilt rett å søkje, seier næringssjef Bjørdal.
Wow, amazing weblog layout! How lengthy have you ever been running a blog
for? you make running a blog look easy. The overall look of your site is magnificent,
let alone the content material! You can see similar here sklep internetowy
Hi there, just became aware of your blog through Google,
and found that it’s truly informative. I’m gonna watch
out for brussels. I’ll appreciate if you continue this
in future. Numerous people will be benefited from your writing.
Cheers! Lista escape room
I like this web site it’s a master piece!
Glad I noticed this on google.!