Lokalnytt

Sykla til Italia

Lars Kvam Karbø med sin Merida-sykkel, heime på Karbø og litt kjølegare dagar enn i Italia.
Lars Kvam Karbø med sin Merida-sykkel, heime på Karbø og litt kjølegare dagar enn i Italia.

Lars Kvam Karbø ønska seg friheit og ein god ferie før han skulle trakke i Kongens klær frå januar av. Han bestemte seg for å sykle frå Hellesylt til Italia.

Lars Kvam Karbø er ein frisking på mange måtar. I vår hadde han gjort unna skulegang i denne omgang og frå januar ventar 12 månader militærteneste, noko han gler seg til. I tida fram til januar ville han slappe av, ikkje jobbe eller ha ansvar for noko, berre oppleve noko nytt og utfordre seg sjølv.

Reisemål Italia

Lars Kvam Karbø kan spele på mange strengar, eller kanskje bør vi skrive tangentar. Frå tidleg i tenåra har han spela og imponert på orgelet i Sunnylven kyrkje der han hadde fast jobb. I august måtte kyrkja finne seg ny organist, for Lars la i veg på sykkel til Italia.

-Folk snakkar om mange slag reisemål, også landet sør i Europa. Dit bestemte eg meg for å ta turen, på sykkel, fortel Lars.

Tenkt så gjort og 12. august la han i veg frå Karbø i Sunnylven med 15 – 20 kilo last på sykkelen. Han hadde ei lang og tung reise framfor seg. Turen starta med ferje til Geiranger før pedaltrakkinga starta opp bakkane mot Strynefjellet. Han kom til Lom og overnatta der fyrste gongen. Neste dag bar det i veg over Valdresflya og sørover mot Bærum.

Innom mange land

-Der bor bestemor så dit var det godt å kome til både god mat, seng og ein herleg dusj. Eg slappa av der eit par dagar før neste etappe som var ferja frå Oslo til Fredrikshavn. I Danmark gjekk nye mil unna etter kartet, og snart var det Tyskland. Eg valde den vestlege delen for målet no var Amsterdam der eg hadde kjenningar. I byen der møtte eg også ei jente frå Milano i Italia, svært hyggeleg og ho tilbaud at eg skulle få overnatte hos foreldra hennar når eg kom til Milano-.

Etter ei veke i Amsterdam heldt Lars fram gjennom nye land, totalt 11 på heile turen. Ikkje ein einaste gong møtte han vanskar ved grensepasseringar, det heile gjekk svært så bra. Også temperaturen var god i Europa desse vekene i august og september, det var nesten for varmt å sykle på dagtid, fortel han. No tok sykkelen til å merke turen og lasta med telt, sovepose, klede og mat.

Her er det kome besøk av firbeinte, men godslege dyr. (Foto: Lars Kvam Karbø)
Her er det kome besøk av firbeinte, men godslege dyr. (Foto: Lars Kvam Karbø)

Besøk av kyr

-Det var eikar i bakhjulet som losna slik at hjulet fekk sleng. Etter kvart tok det inn i bremseklossane så dei kopla eg ut, men seinare vart det berre verre så då skrapa det også inn i ramma på sykkelen. Til slutt måtte eg finne meg ein sykkelverkstad og få bakhjulet reparert.

Under vegs vart det mane overnattingar i telt. Han møtte folk som gav han lov til å slå opp teltet både i hagar og på anna privat grunn. Ein kveld vart det litt seint og han fann seg ein høveleg stad på eit jorde. Tidleg neste morgon vakna Lars av rare lydar og av at heile teltet bevega seg. Når han kika ut hadde han ein heil kuflokk på besøk. –Dei var litt nyfikne, men snille så det gjekk bra, fortel han.

Spela under gudsteneste

Han kom til Milano og til jenta i Amsterdam sine foreldre. Dei hadde fått beskjed om syklisten frå Norge så han var venta og vart godt motteken. Der slappa han av i to veker, også nokre dagar saman med kjærasten Brita som kom nedover for å sjå korleis det stod til.

I Milano besøkte Lars mellom anna ei kyrkje for å prøve å spele på kyrkjeorgelet. I kyrkja møtte han «sjefen» som vart imponert over den unge organisten. Lars fekk tilbod om å spele under ei gudsteneste. Han slo til med å spele postludiet, Tocata i D-moll av J. S. Bach, eit musikkverk han har framført også i Sunnylven kyrkje. Ei fullsett kyrkje i Milano, kanskje rundt 3-400 anslår Lars, vart svært begeistra. –Eg forstod lite av det dei sa, men eg trur dei var fornøgde, seier Lars.

Pengar på konto

Heimreisa gjekk med fly til Oslo og deretter til bestemora i Bærum. –Ho var litt bekymra for heile sykkelturen, om det ville gå bra. Stadig sende ho pengar til kontoen min, så då måtte eg ringe og takke og ho fekk høyre at eg hadde det bra, fortel Lars om ei som han tydeleg set pris på.

Han kom heim til Karbø i Sunnylven 11. november, rik på inntrykk og opplevingar, men til kaldare dagar enn på sykkeltur til Italia.

Godt lasta sykkel, einsam på landevegen ein stad i Europa. (Foto: Lars Kvam Karbø)
Godt lasta sykkel, einsam på landevegen ein stad i Europa. (Foto: Lars Kvam Karbø)

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380