Notiser

Få Solsnubadarar

Hellesylt Ungdomslag inviterte til Solsnubading på badestranda søndag. Berre seks personar våga å teste sjøtemperaturen 18. desember.

Badetemperaturen i sjøen på Hellesylt viste 8.0 grader søndag, badevatn som ikkje frista meir enn seks personar til å leite fram badedrakta og ta ein rask dukkert. Vi var fleire møtte fram for å sjå på  at nokon tok utfordringa med eit Solsnubad. På land hadde arrangøren eit varmetelt og fyr på bålpanna, I tillegg vart det servert julegløgg og nybaka julekaker til alle.

Julelauget med Hellesylt Ungdomslag som arrangør har dei kalla Solsnubading. Alle går vi vel og ventar på at sola skal «snu» om vi kan kalle det så. Det skjer i år ved Vintersolkverv som er onsdag 21. desember kl. 11.44. Mange gler seg til ljosare tider igjen, og med høgare badetemperatur ved sjøbadet på Hellesylt.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *