Fortalde om Raud knapp til kommunestyret

Leiar i Sunnylven sanitetslag, Kari Hauso Stadheim fekk presentere ei av kjernesakene til sanitetslaga, Raud knapp-kampanjen for kommunestyret i Stranda. Her saman med ordførar Jan Ove Tryggestad.

 

Leiar i Sunnylven sanitetslag, Kari Hauso Stadheim fekk låne talarstolen under opning av budsjettmøtet til Stranda kommunestyre. Ho fronta Raud knapp-aksjonen, kampen mot vold.

Kari Hauso Stadheim bar ein raud knapp på jakka si då ho fekk taletid i Stranda kommunestyre torsdag, og ho hadde med fleire knappar. Den raude knappen vart delt ut til alle lokalpolitikarane og andre tilsette som var på budsjettmøtet i Stranda kommune. Mange fekk det raude symbolet mot vold festa på jakka alt under møtet.

Frå talarstolen i kommunestyresalen fortalde leiaren i Sunnylven sanitetslag kvifor ho og mange med henne bar ein Raud knapp. I eit av verdas mest likestilte land blir ein av ti kvinner valdtekne i løpet av livet. Men vald er ikkje berre eit kvinneproblem, det er eit menneskerettsproblem, eit samfunnsproblem, demokratisk problem, eit likestillingsproblem, eit juridisk og eit folkehelseproblem, sa Kari Hauso Stadheim.

Tilslutning frå mange

Det var i 2013 at Norske kvinners sanitetsforening tok initiativet til Raud knapp-alliansen. Organisasjonen ville gå i front for å bekjempe vald mot kvinner på tvers av alle særinteresser, religion eller politikk. Aksjonen har etter kvart fått tilslutning frå fleire organisasjonar og er landsomfattande. -Raudt er valt som farge fordi det signaliserer stopp, samstundes som raudt er kjærleikens farge. Og den raude knappen har fire hol. Dei skal symbolisere fire områder der utfordringane er store for å gjere forbetringar; Rettigheiter, hjelpetilbod, forebygging og forsking. Her er det vår rolle som friviljug organisasjon kjem inn og saman med kommunane kan vere ein ressurs, sa leiaren i Sunnylven sanitetslag.

Sunnylven sanitetslag har engasjert seg også tidlegare i førebyggande arbeid mellom russen i både Stranda og Sykkylven saman med politi, helsesystre og SMISO. Her stiller sanitetskvinnene på også i 2017, sa Hauso Stadheim.

Samarbeid nyttig

Ordførar Jan Ove Tryggestad i Stranda hadde på eit tidlegare kommunestyremøte sagt at han såg det som ei vinning for alle å samarbeide med friviljuge organisasjonar. Kari Hauso Stadheim hadde med glede merka seg det og lova at sanitetskvinner landet over var klare til å ta utfordringar.

Ho avslutta den fem minutt lage appellen med å oppmode politikarane til å vere med og løfte fram ei av dei viktige kjernesakene til Norske Kvinners sanitetsforening også i Stranda kommune. –Raud knapp vil mobilisere til nulltoleranse for vold. Difor, vis di støtte, ber ein raud knapp du også.

Kari Hauso Stadheim fekk formidle eit viktig bodskap til kommunestyret i Stranda, nemleg sanitetskvinnene sin kampanje gjennom Raud knapp-aksjonen mot vold.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380