God hjortejakt i Stranda

Hjortejakta i Stranda kommune vart avslutta 23. desember og med fellingsresultat av det beste nokon gong.

I Stranda kommune var det tildelt 657 fellingsløyver på hjort hausten 2016. Då hjortejakta var slutt vesle julaftan var 614 dyr, eller 93 prosent av tildelte løyver skotne. Det er svært bra og av det beste resultat nokon gong, får vi opplyst av sekretær i Viltnemnda, Asle Johan Bergseth Konnerth. Statestikken kan bli litt justert, mellom anna er det felt fire skadedyr i Liabygda og i tillegg to dyr som ikkje er med på tabelloversikten her:

https://www.stranda.kommune.no/Handlers/fh.ashx?MId1=268&FilId=68

Slaktevektene minkar

Trass det gode jaktresultatet synest Konnerth det er litt skremmande at hjortestamma held fram å auke i antall dyr. Det har ført til at slaktevekta på halvtanna år gamle dyr har gått ned med fleire kilo. På kalv har vektene halde seg oppe, det same på vaksne bukkar, medan vaksne koller har hatt litt nedgang i slaktevekt, seier han.

Ikkje utvida jakt

Stort beitepress gjennom vinteren med mange dyr gjer at vektene har gått ned. Teljingar sist vinter viste eit greitt resultat, men då våren kom nærmast eksploderte dyretalet. Konnerth veit det ikkje sikkert, men han har mistanke om at det gode, aktive jordbruket mellom bøndene i Stranda med godt gjødsla bøar og fint nitrogenrikt gras er ei årsak. Det kan vere at hjort trekkjer til område i kommunen langvegs frå, både frå Hornindal og Stryn, seier han.

Kanskje burde det blitt skote fleire dyr, spør vi. Konnerth opplyser at det vart søkt fylkesmannen om utvida jakt også i januar 2017, men søknaden vart ikkje imøtekomen denne gongen. Om tildelte fellingsløyver blir større neste år veit han heller ikkje.

Radiomerka hjort

I haust vart det skote to radiomerka koller i Sunnylven, gul 16 og gul 18. Det var nesten som bestilt, for batteria var i ferd med å gå ut og i tillegg var data på halsbanda interessante å få inn. Eit tredje dyr, ei kolle med gul 17 held seg i området Hauge / Hellebostad. Den vil det bli ekstra jakt på ut over vinteren for å få tak i opplysningane på halsbandet til også dette dyret. Sjå vandringa til dei to dyra som vart skotne på Frøysa her: http://www.hjortmerk.no/stranda_16_18.png

Sekretæren i Viltnemnda i Stranda er sjølv ein aktiv jæger og fortel at frysaren heime inneheld både hjort og elg.

Hjort vandrar over store områder. To koller som vart merka på Stranda, trekte gjennom Moldskreddalen til Kjellstadli og tilbake i løpet av året. Ei av kollene vart skota på Kjølås i haust, den andre med kalv er fortsatt i live, fortel Asle Johan Bergserth som opplyser at det også i vinter vil det bli radiomerking av dyr.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380