Jul i kyrkja

Bertine Lade og Simen Frøysa Hellebostad spela til julesongane saman med Gunnar Inge Eide på kyrkjeorgel.

I Sunnylven kyrkje var det familiegudsteneste på julaftan og høgtidsgudstenest 1. juledag.

Sunnylven kyrkje var nær fullsett under familiegudstenesta på julaftan. Både fastbuande og heimvende julegjestar kom til kyrkje sjølv om veret både til og frå kyrkja var vått og vindfullt. Under gudstenesta medverka Sunnylven skulekorps og ungdomskoret Joyful. Her vart også juleevangeliet lese opp og fleire kjende og kjære julesongar tona høgstemt i kyrkja. Sokneprest Stein Karstensen heldt preika og den timelange familiegudstenesta var avslutta med songen Deilig er jorden, ei mektig musikalsk oppleving med korpset i samspel med Lars Kvam Karbø på kyrkjeorgelet. ‘

Songarane i prosjektkoret til Hellesylt songlag er få, men gleda med vakker song under gudstenesta 1. juledag..

På søndag 1. juledag var det høgtidsgudsteneste i Sunnylven kyrkje med sokneprest Karstensen og med Gunnar Inge Eide ved orgel og piano. Frammøtet på juledag var langt mindre enn på julaftan, men for dei som var der, ei høgtidsstund i kyrkja. To elevar frå korpset/kulturskulen, Bertine og Simen medverka på sine messinginstrument og kveikte ekstra stemning under salmesongen, og vakkert var det å høyre prosjektkoret frå Hellesylt songlag igjen der Oddbjørg Stadheim og Kristin Storstein var solistar i to songar.

Neste gudsteneste i Sunnylven kyrkje er nyttårsaftan kl. 21.00.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380