Juleavslutning ved Sunnylven skule

Mange gjekk kring juletreet og til piano og fire elevar som forsongarar vart det gjenhøyr med mange kjende julesongar

Tysdag 20. desember var det juleavslutning ved Sunnylven skule. Ei triveleg kveldsstund med mange flotte programinnslag.

Det var som mange gonger tidlegare Sunnylven skulekorps som opna programmet på juleavslutninga ved Sunnylven skule. Tysdag kveld spela dei to julesongar og vart belønna ved velfortent applaus.

-Vi er heldige som har skulekorpset, då blir det alltid høgtid over opninga av juleavslutninga, sa rektor Torje Bjørneset. Han leia programmet som elevar frå småskulen, mellomsteget og ungdomsskulen hadde sett saman og framførte frå scena i gymmsalen. Det vart som vanleg ei triveleg stund for svært mange frammøtte, eit knakande kjekt program som rektor uttrykte det.

Småskulen hadde øvd inn ei frisk nisseforestilling med både song og dans.

Småskulen sitt innslag var fullt av nissar som både song og dansa. Eit rett spenstig og fartsfylt innslag og triveleg å sjå. Mellomsteget formidla siste nytt frå dagleglivet i bygda og hadde fleire song og musikkinnslag. Og ungdomsskulen viste mellom anna deira dramatiserte forestilling av «Grevinnen og hovmeisteren», før dei 27 elevane avslutta det heile med song.

Rektor Torje Børneset rosa elevane, han takka dei tilsette for godt utført jobb og han nemnde reinhaldarar som hadde ein tøff jobb med å halde reint i eit nedslite bygg. Og vaktmeisteren var nok like mykje oppfinnar som vaktmeister for å få alt til å fungere, sa rektor.

Juleavslutninga gjekk i alle høve flott. Det var ein ny, gild kveld med elevane ved Sunnylven skule der det heile vart avrunda med song og gong kring juletreet, og til god servering frå FAU ved skulen som baud på smørbrød, kaffi, saft og brus til alle.

Mellomsteget hadde laga mange fine innslag, også frå dagleglivet i bygda.

Ungdomssteget hadde ei morosam dramatisering av Grevinnen og hovmeistaren, før alle kom på scena og avslutta med song.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380