Juleball og årsmøte i Fjellrosa 4H

Det vart pizza og polonese då medlemmer i Fjellrosa 4H var samla til juleball og årsmøte på Sunnylvsbygda Grendahus fredag kveld.
Neste alle av dei 23 medlemmane i Fjellrosa 4H i Sunnylven kom fredag kveld i lag for å godkjenne årsmelding og rekneskap, og velje nytt styre for komande år. Det gjekk raskt unna, fortel klubbrådgjevar Silje Stadheim. Ho er førebels åleine som A-klubbrådgjevaren, men fortel at det blir jobba med å finne ny B-rådgjevar etter Ester Kjellstadli som er flytta.
Årsmeldinga som var skriva av sekretær i klubbstyre og plakettmottakar til våren, Johanne Tryggestad fortalde om eit aktivt 4H-år i 4H-klubben. Skeisedag på Helsetvatnet, akedag i Kjellstadli, karneval, volleyball og fotball under Hellesyltdagane, ridedag på Stadheim, diskotek, turar, klubbmøter og masse meir står å lese om i årsmeldinga.
Mange er med i Fjellrosa 4H og nye kjem til, også slike som hadde eit «kvileår» i fjor. No står val av arbeidsoppgåver for komande år for tur og tilbodet er stort, Silje trur at alle vil finne oppgåver dei vil like å halde på med fram til haustfesten og utstilling i september/oktober.
Under årsmøtet vart det servert pizza, og på alle juleball må deltakarane gå polonese. Slik også i Fjellrosa 4H. Den fem timar lange årsfesten vart avslutta med litt meir leikne danserytmer og lette steg.
Styret i Fjellrosa 4H er: Anna Kristin Storstein Forbord, Sofie Kvamme Knutsen, Ole Iver Kjellstad, Ottar Hellebostad, Natalie Trøen Frøysa, Emil Frøysa. Styret konstituerer seg sjølve med leiar, nestleiar, skrivar og kasserar.
