Julegudsteneste i Sunnylven

Julegudstenesta i Sunnylven kyrkje var stemningsfull med lystenning, tekstlesing og mange vakre julesongar.

Julegudstenesta i kyrkja var fyrste skuletime for dei fleste elevar og lærarar ved Sunnylven skule. Onsdag var også siste skuledag før jul.

Julegudstenest i Sunnylven kyrkje opna med prosesjon av konfirmantar og sokneprest Stein Karstensen til julesongen Det lyser i stille grender. Med nesten alle elevane i kyrkja var songen betre enn nokon gong, noko også soknepresten hadde merka seg og kommenterte.

Etter velkomstord las konfirmantane frå julebodskapen og tende ljos, før songen Tenn lys.. tona ut i kyrkjerommet. Deretter las sokneprest Karstensen juleevangeliet, før ein ny kjend julesong, Et barn er født i Betlehem.

Og etter ei juleforteljing frå Stein Karstensen som fenga og handla om både fisketur og store og små julepakkar, kom songen Sjå tusen julelys bli tent. «Skuletimen» i Sunnylven kyrkje vart avslutta med Deilig er jorden. Ved orgelet under julegudstenesta sat Lars Kvam Karbø.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380