Lokalnytt

Julekonsert i Sunnylven kyrkje

Sunnylven skulekorps og dirigent Trond Otto Berg.

Tradisjonen tru inviterte Sunnylven sokneråd til julekonsert i Sunnylven kyrkje helga før jul. På programarket stod aktørar frå det blømande song og musikklivet i Sunnylven.

 

Nær ei fullsett Sunnylven kyrkje fekk også denne gongen oppleve ein variert og vakker julekonsert med lokale aktørar. Dyktige leiarar har fått det til å spire og gro både innan korsong og på fleire instrument.

På slutten av konserten takka leiar i Sunnylven sokneråd, Stig Tryggstad og sa det også mange andre meinte; -Eg er stolt av dokke, at ei så lita bygd kan levere ein så flott konsert er imponerande. Og ver stolt av dokke sjølve og det dokke får til. Det er sagt at alle i ungdomskoret har lyst til å vere solistar. Det er flott, det er god læring å stå fram og noko som ein vil få glede av også i jobbsamanheng seinare i livet, sa Stig Tryggestad. I tillegg til verbale roser hadde han med bomstrande plantar som han overrekte til leiarane for musikk og song i Sunnylven, Gunnar Inge Eide, Trond Otto Berg, Kristin Storstein, Oddbjørg Stadheim og Synnøve Hjellbakk Hole.

Julekonserten i Sunnylven kyrkje starta med unge aktørar. Gunnar Inge Eide hadde tonefølgje til fleire av innslaga på piano, også til Johanne på gitar og Veronica song som framførte Jan V. Johannesen sin vakre Himmel på jord. Dermed var standard for det som skulle kome i løpet av neste halvannan time sett.

Sunnylven skulekorps er blitt ei kulturgåve, eit korps heile bygda er stolt av. Under leiing av dirigent Trond Otto Berg tona det taktfast og stødig i både kjende og for oss nye juletonar. Sonjas song til julestjernen, eller Nordnorsk julesalme var to av fem innslag publikum applauderte viljug til. Vi var stolte dagen før av desse unge musikantane, ei begeistring som framleis er like stor.

Felegruppa har Synnøve Hjellbakk Hole som leiar.

Som ein som ikkje har stått i kor og heller ikkje spela noko instrumen utanom litt gitar med tre, fire enkle grep blir vi imponert over det vi fekk høyre, også av dei unge aktørane i felegruppa, leia av Synnøve Hjellbakk Hole. Fele er eit flott instrument, men må vere vanskeleg å spele på. Men øving gjer meister heiter det. Felegruppa framførte to melodiar, I en natt og En stjerne skinner i natt, og saman med ungdomskoret Joyful, Himlen i min famn, med Kristine som solist.

Ungdomskoret Joyful presenterte åtte solistar i fire songar under julekonserten.

Og så var det nettopp Joyful sin tur med dei mange gode og smittande glade solistane. Eit herleg kor av glade jenter som framførte Juleønske, Natt i Betlehem og Det lyser i stille grender.

Til sist under den flotte julekonserten var det gjenhøyr med prosjektkoret i Hellesylt songlag. Dei er få, men har blitt ein aktør som vi håper vil leve vidare under desse konsertane. Dirigent Kristin Storsein leia dei tolv songarane sikker gjennom Den vakraste julen, God jul, Himmel på jord og I den kalde vinter. Solistar med koret var Kristin Storstein og Oddbjørg Stadheim.

Dei mange frammøtte fekk ta del i to allsongar denne søndagskvelden i kyrkja, fyrst Nå vandre frå hver en verdenskrok, og til slutt som alltid, Deilig er jorden.

Takk for ei flott innleiing på julehøgtida. Vi har opplevd eitt av høgdepunkta, julekonserten i Sunnylven kyrkje.

Hellesylt songlag med Kristin Storstein som solist i Den vakraste julen.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *