Lokalnytt

Juleverkstad og fellesmåltid ved Sunnylven skule

Flotte fuglematarar vart det mange av til slutt.
Flotte fuglematarar vart det mange av til slutt.

Som alltid når skuleåret går mot slutten før jul er det juleverkstad ved Sunnylven skule. Då stiller også sanitetslaget opp og serverer mat.

Med jula kjem gode tradisjonar, også på Sunnylven skule. Der var aktiviteten stor både inne og ute tysdag, for då var det juleverkstad og mykje vakkert vart forma av kreative elevar med god hjelp av lærarar og ein del foreldre. Vi gjorde runden og fekk sjå litt av det som vart laga og som vi kunne tenkt oss å ta med heim. Det var som å kome i julenissen sin verkstad, og arbeidet gjekk med liv og lyst. Trur kanskje mange kunne tenkt seg å sløyfe friminutta, så kjekt så det ut til å vere.

Glade blir i alle fall småfuglane, for på snikkerverkstaden vart det laga fuglematarar, og ute ved paviljongen vart det koka fuglemat av storfetalg frå ei nærliggande bedrift. Og sjølvsagt vart det laga mykje fint julepynt frå kransar, kuler og julenissar. Mange er nok glade for at juleverkstaden ved Sunnylven skule har blitt tradisjon.

Meir tradisjon fann vi på kjøkkenet til samfunnshuset. Der var damer frå Sunnylven sanitetslag i arbeid med fellesmåltid til heile skulen. Det var dekk på til hundre personar fekk vi oss fortalt og store smørbrødfat med sunt og godt pålegg, brunost, kvitost og fårepølse var klare til servering. I tillegg skulle det serverast frukt. Både mat og drikke der det gjekk med 30 liter kakao fall i smak etter det vi såg.

Med tålmod og fingerferdigheit vart det laga flott julepynt.

Rektor Torje Bjørneset fekk kjøkkendamene inn i salen og takka dei så mykje. – Det er imponerande at friviljuge lag har medlemer som stiller opp og lagar til gratis mat til svoltne elevar og lærarar. Desse damene har stått på år etter år og på vegne av oss alle rettar eg stor takk for eit godt måltid, sa Bjørneset. Det slutta også resten av skulen seg til for applausen ville nesten ingen ende ta.

Sjølve visste dei ikkje kor mange år dei hadde stilt opp og laga til dette skulemåltidet før jul, men dei slo på rundt 25 – 30 år. Imponerande.

Kjøkkendamene frå sanitetslaget, frå venstre Ruth, Liv, Reidun, Kirsten, Ruth, Anne og Sonja.
Og så blir måltidet servert.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380