Kurs i destinasjonsleiing
Like over nyttår blir det eit kurs i destinasjonsleiing. Fyrste møte blir halde i Lensmannsstova på Lillebø i Sunnylven.
Ein del personar på Hellesylt har bestemt seg for å gjennomføre eit kurs/studiesirkel i destinasjonsleiing.
Fyrste møtet er 12. januar og vert halde i Lensmannsstova på Lillebø. Til stades på dette møtet blir Georg Kamfjord, førstelektor ved Handelshøgskolen BI. Deltakarane går vidare med sjølvstudium, og dette vert avslutta med eit lunsj-til-lunsj seminar ut på våren ein gong.
Innhaldet i kurset går på reisleivsleiing og leiing av destinasjonar.
-Eg håpar dette kan hjelpe ein del av dei aktørane som no er i gang med å byggje opp tilbod for reiselivet i Bygda, seier Inge Bjørdal.