Lokalnytt

Landemerke på Hellesylt vart rive

Med vaier og to kraftige gravemaskiner vart halve meieripipa på Hellesylt riven torsdag.
Med vaier og to kraftige gravemaskiner vart halve meieripipa på Hellesylt riven torsdag.

Kanskje ikkje av dei største landemerke på Hellesylt, men torsdag 1. desember 2016 vart deler av meieripipa riven.

Den høge teglsteinspipa ved Sunnylven Meieri har raga over landskapet i Hellesylt sentrum i over 90 år. Men dei siste åra har «skorsteinen» hella på seg noko, og var nok ikkje i forsvarleg stand til at den kunne bli ståande. Den blir sanert slik det meste av meieriet blir. Torsdag vart halvparten, om lag ti meter velta over med hjelp av vaier og to kraftige gravemaskiner.

Det er Møre miljøsanering AS og Opshaug AS som har oppdraget med å rive meieriet på Hellesylt. Espen Skrede Høydal i Møre miljøsanering fortel at alt gjekk etter planen med å få ned halvparten av meieripipa. No blir det opprydding, og i neste veke skal resten rivast, seier han.

Når det gjeld sanering av meierietbygget har også det gått som planlagt. Høydal seier at det er eit innfløkt bygg å rive, noko er tre, anna er mur eller betong med armering og isolasjon. Men alt blir sortert og deponert etter dei krav som er sett for arbeidet.

Sjå videofilm frå Møre miljøsanering AS her:



Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *