Mange pakkar under hotell-juletreet
Den siste tida har det stått eit juletre i vestibyla på Stranda Hotel med etter kvart fleire ti-talls julegåvepakkar under. No skal dei delast ut til ein del barn og unge i Stranda kommune.
Det var Stranda Hotel som kom med ideen til juletreet og pakkeinnsamlinga. Responsen har vore stor, og hotellet skriv på si facebook-side at dei er stolte over gjevargjeda mellom folk. No blir det ei litt betre høgtid for nokon som treng litt ekstra til jul, står å lese.
Aud Tomasgard Berstad er også imponert over rausheita til folk i Stranda kommune. Haugen av julepakkar under juletreet på Stranda Hotel er kjempesto og fleire ti-talls pakkar er kome inn. Ho jobbar ved Frivilligsentralen og var på veg for å hente «julepakkeberget» då vi huka henne på telefon. Frivilligsentralen og sosialtenesta i kommunen skal stå for utdeling der pakkane er tenkt å gå til born og ungdom mellom 0 og 18 år i heile kommunen.
Om det finst mange nok mottakarar slik at dei får levert ut alle pakkane er ho usikker på. Aud Tomasgard Berstad har ikkje fått så mange tips om born å dele ut til. Er det nokon som kjenner nokon som dei kan glede med ei gåve håper ho vedkomande brukar telefon og kjem med tips til Frivilligsentralen eller Sosialtenesta i Stranda så vil dei vidareformidle gåvene, seier ho og legg til;
-Dette er eit veldig positivt tiltak som vi må følgje opp og vidareutvikle til seinare julehøgtider.