Mange vil på julequiz

Fjerde juledag blir det juletreff med quiz og trubadur Tico på Peer Gynt galleriet.

Mange vil på julequiz og underhaldning og dans med Tico på Peer Gynt galleriet, Hellesylt 4. juledag. To dagar før juletreffet var vel hundre påmelde.

I løpet av juledagane har quiz-master Arild Ringdal fått god påmelding til quiz fjerde juledag på Peer Gynt galleriet. På telefon to dag før kunne han opplyse at vel hundre, eller 15 – 16 lag var påmelde. På kvart lag kan det vere inntil seks personar.

Men Arild Ringdal kunne trøste alle som har gløymt påmelding i julestria med at det framleis er plass. Men ver rask, ta ein telefon til Arild på mob. 906 82 399 så ordnar det seg med ein både spanande og triveleg kveld. For juletreffet på Peer Gynt galleriet held fram etter at quiz-en er ferdig og då fyrer trubadur Tico opp stemninga både for dans og underhaldning.

Det blir premie til vinnarlaget i quiz-konkurransen og i tillegg uttrekningspremiar til ein del andre påmelde, uansett korleis det går med quiz-svara. Julequizen startar kl. 19.30, men dørene opnar ein time før, fortel Ringdal.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380