LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2017

Maria Haukaas Mittet til Hellesyltdagane

Maria Haukaas Mittet blir å høyre i Sunnylven kyrkje  fredag 7. juli. (Pressefoto)

Sommardagar på Hellesylt har i dag annonsert Maria Haukaas Mittet som artisten på kyrkjekonserten under Hellesyltdagane 2017. Arrangørar er Hellesylt Ungdomslag, i samarbeid med Sunnylven Sokneråd.

Maria Haukaas Mittet har ein lang bakgrunn som artist. Allereie som 12-åring spela ho hovudrolla i musikalen «Annie» på Bryggeteateret i Oslo. Ho har seinare spela i fleire teater og showproduksjonar mellom anna «Trollmannen frå Oz», »Fame», «Thank you for the music», Peer Gynt ved Gålåvatnet og Hamlet.

I 2004 deltok ho i tv-programmet IDOL der ho raskt vart ein publikumsfavoritt. I 2008 vann ho den norske Melodi Grand Prix med songen «Hold on be strong». I den internasjonale finalen vart ho nummer 5. Same år var ho med på barneplata «Magiske krokar og hemmelegheiter» med songar laga av Linn Skåber.

I 2009 var ho med i den svenske Melodifestivalen i duett med Anna Sahlene. Året etter var ho igjen med i norsk Melodi Grand Prix med songen «Make my Day», men denne gongen vart ho slått ut før gullfinalen. Hausten 2010 deltok Mittet i «Skal vi danse» på Tv2 der ho til slutt ende på 4-plass.

I 2011 spela Mittet inn juleplate saman med Oslo Gospel Choir. Mittet vaks opp i Senja, og på plata syng ho fleire songar på nordnorsk, mellom anna to songar av den nordnorske visesongaren Trygve Hoff. Plata «Lys imot mørketida» vart ein storselgar denne jula og låg topp tre på VG-lista i heile desember.

I 2015 gjekk Mittet til topps i NRK-serien Stjernekamp, og vart då «Norges ultimate entertainer 2015».

Som i fjor vert det billettsal via Tikkio og på Joker Hellesylt. Meir informasjon om dette kjem seinare.

Kjelder: Maria Haukaas Mittet si heimeside http://www.mariahaukaasmittet.no/bio

Wikipedia: https://no.wikipedia.org/wiki/Maria_Mittet

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380