MEIERIET HAR UTVIDA OG MODERNISERT.

Sunnmøre Meieri avdeling Sunnylven har utvida anlegget sitt. Framme t.v. på biletet ser vi den nye tankbilhallen.

Sunnmøre Meieri, avdeling Sunnylven er i ferd med å utvide og modernisere anlegget sitt. Det utvendige arbeidet på nybygget er stort sett ferdig, her står berre att noko pussarbeid.

Det er driftsleiar Magne Steen som fortel dette til Sunnylvingen. – Tilbygget som er reist er på om lag 250 rutemeter og rommar tankbilhall og kjølerom.

Meieriet har og installert anlegg for skumming av mjølk og held også på og monterer nytt ysteri. Når dette ysteriet står ferdig, vil ein kunne auke kapasiteten på anlegget noko, seier Steen.

Meieriet tek no årleg i mot 9 millionar liter mjølk. Dette er ein monaleg auke – frå 3 mill. liter som  kvantumet låg på for nokre år sidan.

Produksjonen av kvitost tok til ved meieriet i 1974, og denne har hatt ein stor auke. Årleg vert det laga vel 500 tonn kvitost av dei 1200 tonn ost som vert produserte ved meieriet.

– Og anlegget sin kapasitet vert i dag fullt utnytta, fortel Steen. Meieriet har no fått teke i bruk sitt eige vassverk og. Framleis tek ein alt vatn til produksjon frå det kommunale vassverket, resten får ein frå det nye vassverket ved fossen. Så når meierianlegget står fullt ferdig ein gong ut på vårparten, har ein her fått eit svært tidhøveleg anlegg.

– Og denne utbygginga er ein lekk i spesialiseringa som Sunnmøre Meieri gjennomfører, og utbygginga skjer ut frå tildelinga av ostekvotar frå Sunnmøre Meieri, avsluttar Steen.

Denne artikkelen stod i Sunnylvingen, nr 15 desember 1981.

 

Gunnar Sårheim Fivelstad

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info