Lokalnytt

Mykje musikk og song i helga

Laurdag leitar medlemmane i Sunnylven skulekorps fram både nisselua og andre bjarte kleplagg til nisseskonserten på Hellesylt. (Foto frå akivet)

Det går mot ei helg med mykje song og musikk i Sunnylven. Skulekorpset bidreg aller mest med tunnelopning, nissespeling og under konsert i Sunnylven kyrkje.

Sunnylven skulekorps øver godt og har spela på seg ry mellom korpsinteresserte. Komande helg har det unge brassbandet fleire oppdrag, både for politikarar og andre under opning av nye Ljøtunnelen, dei vil skape julestemning for handlande på Hellesylt og ikkje minst bidra under den årlege julekonserten i Sunnylven kyrkje.

Graut og nissespeling

Det har blitt mykje øving i det siste. Under tunnelopning midt inne i den nye Ljøtunnelen laurdag 17. desember blir det akustikk og høgtid når Sunnylvsmarsjen og Ja vi elsker blir framført.

Frå opninga returnerer korpset til Sunnylven skule og julegraut. Korpset hadde eigentleg slått frå seg graut og nissespeling i år grunna tunnelopninga, fortel leiar i styret for korpset, Anita Langeland. Men mange gav uttrykk for at dette er ein viktig og kjekke tradisjon, og då blir det slik også i år, seier ho. Dermed blir det nissespeling ved butikkane på Hellesylt laurdag frå klokka 14.30. Anita Langeland håper mange kjem for å høyre flott julemusikk, kome i god julestemning, og kjøpe tombolalodd, restar frå juletombolaen til korpset fyrste helga i advent.

Julekonsert i kyrkja

Søndag deltek Sunnylven skulekorps under julekonserten i Sunnylven kyrkje. Arrangør er Sunnylven sokneråd, og konserten vil også i år vise at Sunnylven har eit blomstrande song og musikkliv. I tillegg til korpset deltek Hellesylt songlag, Joyful, Felegruppa og andre frå skulen. Songinnslag under julekonserten byd på mellom anna kjende og kjære songar som Det lyser i stille grender, Chrismas song, til nyare juletonar med Himlen i min favn og Himmel på jord. Konserten er søndag 18. desember klokka 20.00.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

6 thoughts on “Mykje musikk og song i helga

  • vel architecto expedita qui blanditiis voluptatem alias expedita. aperiam ducimus mollitia quisquam ipsa et corporis et quis sunt iste accusamus voluptatem itaque dolore temporibus sed.

  • ad dolore quod est deserunt aliquam maiores. voluptas repellendus veritatis distinctio amet eius et aut. voluptatum quis expedita qui quia voluptatem consequatur atque neque molestias neque ut fugiat accusantium. est amet nihil nesciunt quis qui harum eum quibusdam enim id dolor.

  • et ut sit ab ut. velit ea et veritatis eos sint dignissimos sunt rerum tenetur ut aut a quam rerum sequi est aut tempore dolores. nisi asperiores facilis autem aut consectetur optio optio porro est error. unde quod modi qui veritatis ullam.

  • veritatis blanditiis commodi ratione sint odit assumenda est mollitia totam earum. sapiente distinctio reiciendis corporis voluptas atque commodi quaerat enim occaecati eveniet officiis id exercitationem laudantium.

  • doloribus voluptatem quam itaque et quas ipsam error quae est earum temporibus autem laudantium assumenda eius rem impedit rerum et. eos nostrum explicabo aliquam ex aut eos expedita cum aut. dolorem aut exercitationem provident dicta qui aliquid iure perferendis a vel esse. quia soluta explicabo fugit quasi. qui omnis ex vero repudiandae et expedita.

Kommentarfeltet er stengt