Lokalnytt

Nissefest i Sunnylven Barnehage

Ei fargerik samling nissar og tilsette i Sunnylven Barnehage.

Med berre fire dagar igjen til julaftan vart det halde nissefest i Sunnylven Barnehage.

Ikkje ein einaste liten snøflekk var å sjå i Sunnylven Barnehage då nissane hadde si julesamling tysdag. Gradestokken viste eit nær to-sifta antall varmegrader så då blei det stort sett uteaktivitet og nissar med raude luer å sjå over alt på uteområdet.

Vi fekk samla dei frå Trollhola og ei nissedame frå Blåbærtua som er avdelinga med dei yngste borna. Dei andre låg å sov etter at ein storenisse hadde vore på besøk. Han kom med gåver til alle og som dei lika. Og nissefesten hadde vore ein kjekke dag. Det hadde blitt julesongar, spel, leikar og god mat, fekk vi oss fortalt.

Fredag 23. desember er siste dag i Sunnylven Barnehage før jul. Og måndag 2. januar er det oppstart igjen i det nye året, fortalde styrar Hilde Langlo Brekke.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *