Nissekorpset i julestemning

Det var ingen fridag for Sunnylven skulekorp laurdag 17. desember. Etter flotte musikalske bidrag under opning av Ljøtunnelen var det retur til Hellesylt og nissespeling.

Nissespeling med Sunnylven skulekorps har blitt tradisjon på Hellesylt siste laurdag før jul. Slik også i år, etter at korps og dirigent Trond Otto Berg hadde bidrege på flott måte under opning av nye Ljøtunnelen.

Etter retur til Hellesylt venta korpsleiinga med nissegraut som tradisjonen har blitt. Etterpå vart det minikonsertar på Coop og Joker der kjende og kjære juletonar fylte butikklokala. Eit flott førjulstiltak der mange tok pause i handelen for å høyre korpset spele.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380