Olympic Bibby i opplag på Hellesylt

Olympic Bibby hadde selskap av Olympic Ares då begge låg i opplag ved Hellesylt kai sist vinter. (Foto frå arkivet)

Forsyningsskipet Olympic Bibby kjem til Hellesylt kai for opplag. Opphaldet der kan vare fram til mars eller april neste år.

Det er mangel på oppdrag som gjer at Olympic Bibby truleg blir ved kai på Hellesylt gjennom vinteren, får vi opplyst frå Stranda Hamnevesen. Skipet kom til kaia på Hellesylt også sist vinter og på om lag same dato. Då hadde det selskap med Olympic Ares, men dette forsyningsskipet er ute i oppdrag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380