Ope hus på Gamleskulen.

Julegrana ved Gamleskulen på Hellesylt.
Julegrana ved Gamleskulen på Hellesylt.

I morgon laurdag blir det ope hus på Gamleskulen med sal av tombolalodd, kaffi, kaker og saft frå klokka 12.00 og i tre timar.

Laurdag blir Gamleskulen på Hellesylt open for innsteg. Den store vedomnen blir teken i bruk for å gjere det lunt og varmt og det blir kveikt ljos. Ved kjøp av snurrelodd kan ein vinne fine gevinstar, og i tillegg blir det sal av kaffi, kaker og saft.

Roar Ljøen hadde eit 50-talls gamle julekort frå mellom 1910 til 1950 som han stilte ut under førjulstreffet på Gamleskulen i fjor. Motiva var nasjonale og varierte frå hus og skog, fuglar og hestar med slede, julegran, og til to kort måla av Kjell Aukrust. Denne unike samlinga julekort blir å få sjå også i år. Legg turen innom Gamleskulen laurdag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.