Opna eit «smykke» på fylkesveg 60.

Her blir nye Ljøtunnelen offisielt opna. Frå venstre prosjektleiar Arne Ola Stavseng, disponent Kristen Ringdal, fylkesordførar Jon Aasen, ordførar Jan Ove Tryggestad, samferdselssjef Arild Fugelset, dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal og son Kristen.

Vegfarande etter fylkesveg 60 mellom Hellesylt og Stranda fekk pakke ut julegåva tidleg i år. Laurdag vart nye Ljøtunnelen offisielt opna.

Flagga gjekk til topps fleire stader i Stranda kommune laurdag 17. desember. Då vart nye Ljøtunnelen som byggesteg tre på fylkesveg 60 mellom Hellesylt og Røyr opna.Hellesylt.info fekk vere med fyrste buss frå Hellesylt inn i den 3.690 meter lange tunnelen saman med Sunnylven skulekorps. Halvvegs inn i tunnelen skulle den offisielle opninga finne stad.

Rastrygg veg

Med sjåfør Trond Åge Dyrkorn rulla vi inn i ei «fjellstove» med asfaltert veg, betongpuss på veggar og tak og opplyst som klare dagen. Det var som ei julegate, utruleg flott, ja nesten så ein kunne bli litt rørt. Dette hadde mange brukarar av vegen håpa på og no var det verkelegheit. Her var siste byggesteg på ein rastrygg veg ferdig til opning og bruk. Ikkje rart at det kom mange festkledde personar etter kvart.

Fleire hundre møtte på opninga

Om lag midtvegs inne i tunnelen er laga snuplass. Her er også eit teknisk rom skote inn i fjellet med kontrollrom for elforsyning, radiosamband og naudstraum. På området her vart den offisielle opninga avhalde med taler, song og ei tablå danseframsyning av kulturskuleelevar til Edvart Grieg sin musikk «I Dovregubbens hall». Ei fantastisk oppleving med akustikk betre enn i den største konsertsal.

Både før og under den knapt timelage opningsseremonien spela Sunnylven skulekorps juletonar og andre flotte musikkverk. Mellom anna fekk dei 3 – 400 frammøtte høyre Sunnylvsmarsjen av Helge Fivelstad. Ei imponerande og mektig musikkoppleving langt inne i Ljøfjellet.

Kappa mørpølsa

Fylkesordførar Jon Aasen stod for den offisielle opninga av tunnelen. Og opningshandlinga var høgst utradisjonell. Inn på podiet kom tre generasjonar frå Ole Ringdal AS, Hellesylt si hjørnesteinsbedrift berande med ei lang mørpølse. Dei tre var Kristen Ringdal, sonen Ole Arnstein Ringdal og soneson Kristen. Fylkesordføraren skulle skjere over pølsa og til det fekk han overlevert ein tollekniv laga av Harald Sørheim frå Stranda. Kniven var kvass og dermed var nye Ljøtunnelen offisielt opna. Sunnylven skulekorpset avslutta ei flott og verdige opninga med å spele Ja vi elsker, og to timar seinare var tunnelen open for vanleg trafikk.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380